Facebook ikon Twitter logo Print side

Liljevatnet skule vert barnehage

Kommunestyret vedtok i dag å gjera Liljevatnet skule til barnehage. Barnehagen får kapasitet til å ta imot 130 barn. Vedtaket vart gjort med 29 mot seks røyster (Sotralista, Senterpartiet og uavhengig).

Liljevatnet skule. Foto: Monica Hovland
Liljevatnet skule. Foto: Monica Hovland

Det er lagt til grunn at kulturskulen held fram i same bygg og får utvida arealet frå 270 til 370 kvadratmeter. Kostnaden med ombygging er rekna til 12,5-13 millionar kroner eksklusive meirverdiavgift. Etter forslag frå Ap. og Høgre vart det vedteke at Svingen barnehage vert lagd ned nåe tilhøva ligg til rette for dette etter dialog med dei tilsette og brukarane. Sotralista, Frp og eín uavhengig røysta imot dette punktet.

Sotralista føreslo at Liljevatnet skal nyttast som skule og at denne skulen difor ikkje vert gjort om til barnehage. I dette forslaget heitte det vidare at ledig kapasitet ved Liljevatnet skule kan etter nærare utgreiing nyttast til andre kommunale teneste, til dømes barnehagedrift utan at det skal påføra kommunen store meirkostnader til ombygging. Dette forslaget fekk seks røyster og fall.

Frp fekk tre røyster, og dermed ikkje fleirtal, for eit forslag om å leggja ned Svingen barnehage når Sotrasambandet er fullført.

Kommunestyret har tidlegare vedteke at frå hausten av skal elevane på Liljevatnet gå på Brattholmen skule.

Oppløyser Øygarden brann og redning IKS

Kommunestyret vedtok å oppløysa det interkommunale selskapet Øygarden brann og redning  med heimel i lov om interkommunale selskap. Selskapet Øygarden Brann- og redning IKS si verksemd i sin heilskap, vert vidareført som eit nytt kommunalt føretak i Nye Øygarden kommune slik fellesnemnda for Nye Øygarden kommune har vedteke.
For å omdanna selskapet til eit kommunal føretak, var det nødvendig å formelt vedta å avvikla ØBR og deretter gjennomføra ei overdraging av verksemda til eit nytt KF. ØBR er eigd av dei tre deltakarane Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Kommunestyra i dei tre kommunane vil venteleg gjera eit likelydande vedtak om oppløysing.

Etterbruk av gamle Tellnes skule

Det vart samrøystes vedteke at Tellnes Grendelag og Haganes Velforening får overta skuleeigedomen med skulebygning, ballbinge og leikeapparat for eí krone og at grendelaget dekkjer overdragingskostnadene. Avtalen inneber heftefri attkjøpsrett for Fjell kommune.
I februar hadde Plan- og eigedomssjefen møte med dei to grendelaga. Det var semje om at dei vil inngå samarbeid om drifta og at Fjell Karateklubb går inn som fast leiar. Dale/Dalseide velforeining og Kallestad/Trengereid velforeining har signalisert at dei kan vera interesserte i å leiga lokala på Tellnes ved behov.

Andre saker i kommunestyret den 23. mai

  • Baltor AS/Escape Sartor Storsenter fekk innvilga vanleg skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3.
  • Kommunestyret tok orienteringssaka om status på tiltak knytt til nedkjemping av barnefattigdom til orientering.

Gruppeleiarane drøfta korleis Fjell kommune skal handtera framlegg til byvekstavtale.
Gruppeleiarane drøfta korleis Fjell kommune skal handtera framlegg til byvekstavtale.

I samband med skriftleg spørsmål frå Helene Morland Hansen (H) knytt til bompengar og byvekstavtale vart det gjennomført gruppeleiarmøte knytt til oppfølging av byvekstavtalen. Ordføraren fekk tilslutnad til at formannskapet, eventuelt gruppeleiarane, vert kalla inn til møte komande måndag for å drøfta situasjonen etter at forhandlingane om byvekstavtale vert avslutta fredag den 24. mai.

Jan Utkilen (Sotralista) hadde fire spørsmål med føgljande tema; nedtapping av Storavatnet (Knarrvika), aktivitetar ved Mustadvatnet, Fjell kommunale pensjonskasse og tomta ved Stovevatnet som skal nyttast til ny vidaregåande skule.

Før behandlinga av sakene, var det førehandsdrøfting for generalforsamlinga i Fjell, vatn og renovasjon AS (FjellVAR AS). Ordførar er generalforsamling for selskapet. Den formelle generalforsamlinga vert gjennomført måndag 27. mai.

Varaordførar Tom Georg Indrevik og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Varaordførar Tom Georg Indrevik og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Sak om «Nedkjemping av barnefattigdom, kontingentordning» vart trekt frå sakskartet ettersom saka er avslutta i komité for drift og forvaltning.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 23.05.2019