Facebook ikon Twitter logo Print side

Lillian Torsvik konstituert som rådmann

Rådmann Steinar Nesse er sjukemeld, og servicetorgsjef Lillian Torsvik er konstituert som rådmann i Fjell kommune.

Lillia Torsvik vert fungerande rådmannSteinar Nesse vart før jul lagt inn på sjukehus for lettare hjartesvikt. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy opplyser at han framleis er på sjukehus, men at tilstanden er vorten betre.

- Eg har snakka med Steinar, og han er ved godt mot, seier Sandahl Bjorøy.

Steinar Nesse vil i første omgang vera sjukemeld til over påske.

Grethe Bergsvik er konstituert som servicetorgsjef i den perioden Torsvik er konstituert som rådmann.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


Publisert: 02.01.2018 12:46
Sist endret: 02.01.2018 12:50