Facebook ikon Twitter logo Print side

Lokal nettside for Sykkel-VM

I føremiddag kunne ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden skjera solide stykke av den lokale Sykkel-VM-kaka. Dei tre kommunane i regionen presenterte den felles nettsida Sykkel i Vest, Facebookside og Instragram.

Frå venstre; Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell).
Frå venstre; Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell).

- Vi ønskjer at denne sida ikkje berre skal vera ei lokal Sykkel-VM-side, men også ei nettside som synleggjer arven etter at Sykkel-VM er over. Målet er å fremja sykkelbruk, seier den lokale sykkelsjefen i Fjell, kultursjef Lennart Fjell.

Informasjonsplattformer

Nettsida, Facebook og Instragram skal brukast for å halda folk oppdaterte med det som skjer knytt til den store sykkel-festen Bergen 2017. I tillegg skal nettsida og dei andre plattformene vera ein del av arven etter Sykkel-VM; nemleg at sykkelbruken i regionen skal få eit oppsving.

Silvia Haugland i Øygarden kommune orienterte om planane knytt til startområdet på Rong og dei andre stadene der det vert lagt opp til at publikum kan samlast langs løypa.


Silvia Haugland i Øygarden kommune.

- Eg har stor tru på at dette vert ein stor folkefest, sa ein optimistisk Silvia Haugland.

I Øygarden vert det publikumssone (fansone/startsone) på Rong. I Fjell vert det fansonar/publikumssonar på Ågotnes, Kolltveit og Sartor Storsenter/Sotra Kystby. Det vert lagt opp til folkefest alle desse stadene. Mange vil nok starta dagen med felles frukost i publikumssonane.

To ritt i regionen vår

Laurdag den 23. september kl. 10.00 vert det fellesstart menn junior med start på Rong, og dagen etter er det klart for den store finalen i heile meisterskapen; fellesstart elite med start i Øygarden klokka 11.00. Riksvegen vert stengt i inntil tre timar laurdag og sundag. I løpet av eit par veker vil ein trafikkavviklingsplan avklara kva konsekvensar Sykkel-VM vil få for trafikken i regionen vår den 23. og 24. september.

Ordførar Børge Haugetun i Øygarden understreka kor stort arrangement Sykkel-VM er i verdsmålestokk. Han er imponert over det lokale arbeidet som er gjort for å førebu dette store arrangementet. Sund-ordførar Kari-Anne Landro sa at Sund kommune legg noko mindre arbeid ned i dette som følgje av at kommunen ikkje er medarrangør som Øygarden og Sund. Kommunen vil likevel på forskjellig vis involvera seg i arrangementet. Kulturleiar i Sund, Laila Klemetsaune viste til effekten dette arrangementet kan ha for folkehelsa og at ungdomen vert aktivisert.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, sa at ho gler seg over at det vert mykje blest om kommunane her ute, særleg den to rittdagane 23. og 24. september. Ho var også oppteken av at trafikkavviklingsplanen vil sikra beredskapen og kontroll over trafikken under ritta.

Også leiar i kommunikasjonskomitéen for Bergen 2017, Toril Schalck, var på plass i dag. Ho gler seg over engasjementet her ute og at ein har kome langt i planlegginga .

- Det er avgjerande med lokalt eigarskap og engasjement. Vi må få folk med oss. Det er svært kjekt å ha dykk med, sa Schalck.

Frå venstre; Toril B Schalck, Silvia Haugland, Marianne Sandahl Bjorøy, Børge Haugetun, Lennart Fjell og Ingun Teigen.
Frå venstre; Toril B Schalck frå Bergen 2017, Silvia Haugland frå Øygarden, Marianne Sandahl Bjorøy ordførar i Fjell, Børge Haugetun ordførar i Øygarden, Lennart Fjell kultursjef i Fjell og Ingun Teigen frå Øygarden.

Sykkel i Vest finn du informasjon om lokale arrangementskomitéar du kan ta kontakt med dersom du ønskjer å delta i festen. Det er også høve til å melda seg som frivillig på nettsida.

Følg Sykkel i Vest på Facebook   Del gjerne fine bilete på Instagramsida til Sykkel i Vest

Fotogalleri

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland


Publisert: 22.02.2017 13:48
Sist endret: 22.02.2017 14:02