Delegasjonen fekk omvising i lokalmedisinsk senter som står klar til bruk rundt nyttår. Til høgre står Are Forbord. Nummer fire frå venstre er Randi-Louise Møgster.
Byråkratane i departementet skal det neste året arbeida fram stortingsmeldinga som til sist vert vedteken av Stortinget. Besøket i Fjell er ein del av førebuingsarbeidet med planen. Departementet gav innføring i arbeidet med planen.
Delegasjonen frå departementet vart leia av avdelingsdirektør Are Forbard.
- Ei viktig problemstilling i planen vert samhandling. Vi er no på jakt etter å finna beste praksis og gode døme på organisering av helse- og omsorgstenestene. Kva kan vi læra av dette, og korleis kan dette koma inn i ei nasjonal tenking? Vi vart bedne om å reisa til Fjell, og vi er imponerte over kva kommunen og regionen her får til. Mange utfordringar ville vore handterte om fleire gjennomførte desse tenestene på denne måten, seier Forbard etter møtet og omvising på helseområdet på Straume.
Byråkratane frå departementet gav uttrykk for at dei vil ta ny kontakt med kommunen for å få supplerande informasjon.
Saman med delegasjonen frå departementet var også representantar frå Helse Bergen, mellom anna viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster. Frå Fjell deltok Helsesjef Terje Handal, omsorgssjef Line Barmen og kommuneoverlege Stein-Inge Stigen.
Fjell kommune orienterte om arbeidet med å byggja ny kommune i regionen og tenestetilbodet i helselandsbyen. Det vart også gjeve status i arbeidet med prosjektet «Sjef i eige liv». Eit prioritert område innan velferdsteknologi det siste året har vore kompetanseoppbygging i dei tre kommunane, heimetenesta og velferdsteknologiprosjekt knytt til lokalmedisinsk senter.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Sist endret: 26.10.2018