Facebook ikon Twitter logo Print side

Lokalt engasjement for Sykkel-VM

Onsdag kveld var representantar frå åtte lag og organisasjonar i Fjell samla på Knappskog skule for å planleggja arrangement for fansonene på Ågotnes og Kolltveit i samband med Sykkel-VM. Det mangla ikkje på engasjement og gode idéar som kan realiserast dei to store sykkeldagane vestom brua den 23. og 24. september.

Her vert det forklart korleis det kan verta på fansona på Kolltveit.
Her vert det forklart korleis det kan verta på fansona på Kolltveit.

- Vi ønskjer å setja fokus på barna. Mellom anna er det forslag om å arrangera eit sykkelløp for barna i sjølvaste VM-traséen etter at rittarane har passert og vegen framleis er stengt, kunne Anita Heggholmen fortelja etter at dei frammøtte hadde arbeidd i to grupper; ei for fansona for Kolltveit og ei gruppe for fansona på Ågotnes.

På Ågotnes er det forslag om at arrangementa, dei to dagane det går løp i regionen vår, skal lokaliserast i skule- og idrettsområdet. Det vert lagt opp til eit tett samarbeid med næringslivet som forhåpentlegvis kan stilla opp med kranar og anna utstyr. Det er forslag om å arrangera frukost, leggja til rette for salsboder med mellom anna lokalprodusert mat, scene, konsert med lokala band, korps, konkurransar og andre aktivitetar. Fjell Kystlag kan mønstra med fartøy og kostyme.

På Kolltveit er fansona lokalisert ved utløpet av tunnelen på vestsida av Kolltveittunnelen. På møtet i kveld hadde «Kolltveitgruppa» teikna inn moglege aktivitetsområde og tribuneområde. Samarbeid med golfklubben er viktig for å få til god logistikk i dette området.
Kultursjefen var representert ved kultursjefen sjølv, Lennart Fjell, og Ivar Einarsen. Lennart Fjell opplyser at det skal dannast arrangementskomitéar både for Ågotnes, Kolltveit og den tredje fansona, Sartor Senter.

- Dette var ein god start, og fleire organisasjonar vert inviterte med i planleggingsarbeidet, seier Lennart Fjell.

Cykleklubben Sotra satsar stort

Eitt av mange store og aktive idrettslag i Fjell er Cykleklubben Sotra. Leiar i klubben, Frode Erstad, seier at det vert ei rekkje med aktivitetar og arrangement knytt opp mot Sykkel-VM. Den 7. mai er det planlagt Grendaritt på Fjell festning. Her vert det miksa lag for menn og kvinner i ulike aldersklassar med premiering for god deltaking.

Frode Erstad og Amund Klem Rønning. Rønning vert ein av dommarane under Sykkel-VM.
Frode Erstad og Amund Klem Rønning. Rønning vert ein av dommarane under Sykkel-VM.


- Det vert lagt opp til rundløype på 1 800 meter, og denne dagen vert ein flott familiedag, seier Frode Erstad.

Vidare er det klart for Norway for Kids på ved Minimarkedet på Straume til sommaren. Dette er ein del av ein landsomfattande turné. I eit samarbeid mellom Øygarden og Fjell vert det arrangert Norgescup i Øygarden 22. april. Det er lagt opp til barne- og familiearrangement på Rong. Det kan også verta aktuelt å arrangera Kystbykarusell i Kystbygarasjen.

På møtet i kveld møtte det representantar frå Fjell Kystlag, RAN Seilforening, Sotra Sportsklubb, Kolltveit grendalag, Sotra Golfklubb, Nordre Fjell-alliansen, Cykleklybben Sotra og Fjell idrettsråd.

Litt fakta

Sykkel-VM (Bergen 2017) går føre seg i tida 16. - 24. september. Dette er eitt av verdas største idrettsarrangement og er samansett av 12 øvingar over ni konkurransedagar. Det samlar 1 150 utøvarar frå meir enn 80 nasjonar. Meisterskapet skal visast til over 300 millionar TV-sjåarar, og det er venta om lag 500.000 tilskodarar. Det er behov for 1 500 - 2 000 frivillige.

For regionen vår er dei to siste dagane særleg viktige å merka seg. Laurdag den 23. september er det fellesstart menn junior med start på Rong i Øygarden. Løypa går vidare sørover via Fjell med målgang på Festplassen i Bergen. Sundag den 24 september er det klart for fellesstart menn senior med same løypetrasé i regionen vår.

Her er fleire bilete frå samlinga onsdag kveld:

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 

 


Publisert: 11.01.2017 22:51
Sist endret: 11.01.2017 22:58