Facebook ikon Twitter logo Print side

Løyver åtte tusen til Basecamp

Ungdommens kommunestyre (UKS) vedtok på tysdag å løyva åtte tusen kroner til Basecamp for å dekkja kostnader med å arrangera julebord for ungdomar.


UKS hausten 2018

Ungdommens kommunestyre deler ut tilskot to gonger i året. Det hadde kome inn eín søknad om midlar etter at fristen i haust gjekk ut 1. november. Basecamp søkte om åtte tusen kroner til julebordet som er eit tiltak for alle ungdomar mellom 13 og 20 år. Tiltaket vil likevel særleg marknadsførast overfor kjernebrukarane av Basecamp. Målet er å laga eit julebord med julemat og «god stemning» slik at ungdomane som deltek, kan få nye kjekke historier å dela om jule og nye, gode minne. Budsjettet for julebordet er på 10 tusen kroner der Basecamp har ein eigendel på to tusen kroner.

Vil skjerma kutt i vikarbruk i helse og omsorg

UKS gav også uttale til budsjettet for 2019. UKS er positive til at budsjettet for 2019 vidarefører tiltak for ungdomen i Fjell, som t.d. tilskot til UKS, tilskot til Basecamp, tiltaksordning idrett og kultur, MOT-satsting, ungdomsklubbane på Straume og Ågotnes, sommarjobb for ungdom. UKS er også positive til at investeringsprogrammet for 2019-2022 har med tiltak for ungdom som ungdomsklubb på Ågotnes og utvikling av Ågotnes idrettspark.

UKS er skeptisk til rådmannen sitt forslag om å redusera vikarbruken i kommunen. UKS vil særskilt at helse og omsorg skal skjermast for kutt i vikarbruk.

UKS kjem samstundes med innspel om at ungdom som har delteke i «sommarjobb for ungdom» kan brukast ekstra i tenestene dersom det er sjukdom elles i året og vanskar med å finna vikar.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, som er politisk kontaktperson i UKS, orienterte om forslag knytt til budsjettet, medan Øyvind Aasen hjå Økonomisjefen presenterte framlegget frå rådmannen.

I samband med saka om støtte frå UKS orienterte dagleg leiar i Basecamp Jon Andreas Tjentland om det planlagte julebordet for ungdom.
I samband med saka om støtte frå UKS orienterte dagleg leiar i Basecamp Jon Andreas Tjentland om det planlagte julebordet for ungdom.

Orienteringar

På møtet vart det orientert om Plansmia Ågotnes og felles opplæringsdag for ungdomsråda/ungdommens kommunestyre for Sund, Fjell og Øygarden den 20. november.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 13.11.2018 21:34
Sist endret: 13.11.2018 21:39