Facebook ikon Twitter logo Print side

Lyser ut anbod for Sotrasambandet i 2019

Samferdsledepartementet forventar fullt trykk på framdrifta for Sotrasambandet. I dag orienterte statssekretær i samferdsledepartementet, Tommy Skjervold (Frp), leiinga i dei tre kommunane om status for prosjektet. Departementet har ambisjonar om at anbodskonkurransen vert lyst ut i 2019 og at ei ny bru vert teken i bruk i 2025.


Statssekretær Tommy Skjervold

I går sende departementet brev til Vegdirektoratet der det går klart fram at det må setjast fullt trykk på framdrift i prosjektet og at prosjektet skal ha høgste prioritet. Departementet vil ha møte med direktoratet tidleg i august der det vert bedt fortløpande statusrapporterting til departementet kvar tredje månad.

- Vi er ikkje nøgde med informasjonsflyten og framdrifta prosjektet. Difor tek vi no tak i dette for å sikra tettare oppfølging. De skal vita at målsetjinga står fast om utlysing av anbodskonkurranse i 2019 og at den nye brua er klar til bruk i 2025, sa Skjervold.

Glad for rask respons frå departementet

Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som hadde bedt om møtet etter at det vart kjent at anbodsutlysinga ikkje ville skje før ferien. Fungerande ordførar, Tom Georg Indrevik, var vertskap for møtet der også leiinga i nabokommunane var på plass ved ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, og fungerande ordførar i Sund, Nils Kåre Skoge

- Eg er glad for at departementet klarer å stilla på kort varsel etter at ordføraren bad om møte. Eg er positivt overraska over at departementet no tek sjølvkritikk og tar tak i dette prosjektet og sikrar framdrifta, seier Tom Georg Indrevik.

Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Henning Ekerhovd, Steinar Nesse og Tommy Skjervold.
Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Henning Ekerhovd, Steinar Nesse og Tommy Skjervold.

Vil redusera risikoen

Statssekretæren sa at det er nødvendig å redusera risikoen i OPS-kontrakten (OPS-Offentleg privat samarbeid. På møtet i dag gav fleire uttrykk for at det har vore mange utsetjingar av prosjektet og at lokalt er ein svært utolmodig. Skjervold hadde stor forståing for dette, men han understreka at Sotrasambandet har høg prioritet.

- Sotrasambandet skal realiserast. Vi har ingen andre tankar om det. Etter vår oppfatning har OPS alle intensiver i seg til å gje rask framdrift. Når kontrakten er på plass, er det full fokus på rask gjennomføring, sa statssekretæren.

På møtet med statssekretæren på Fjell rådhus i dag deltok også Fjell-rådmann Steinar Nesse, leiar av komité for plan og utvikling i Fjell, Henning Ekerhovd, Lena Svalastog Garnes frå Plan- og utbyggingssjefen i Fjell og Svein Otto Jacobsen (Frp i Sund).


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 04.07.2019