Facebook ikon Twitter logo Print side

Målet er å sjå personen bak pasienten

Klokka nærmar seg halv elleve på Straume bu- og servicesenter. Musikkterapeut Guri Dypvik kjem trillande med ei vasketralle fyll av instrument.

Foto: Rune Rolvsjord
Foto: Rune Rolvsord

Senteret for musikkterapiforsking på Griegakademiet GAMUT var til stades i vinter då kantina på bu- og servicesenteret var fylt opp av engasjerte eldre, dagsenterbrukarar, dei som bur i omsorgsbustadene og dei som har opphald på sjukeheimen.

- Aktiviteten er meint å famna fleire enn dei som eg primært jobbar med, slik at flest mogleg skal få nyta godt av musikk- og fysioterapeutressursane, seier Dypvik.

Omsorgssjef Line Barmen seier at det vert lyst ut to nye musikkterapeutstillingar i Fjell med tilsetjing før sommaren.

Les meir på nettsida til gamut.no.


Publisert: 24.04.2018 09:10
Sist endret: 24.04.2018 09:14