Facebook ikon Twitter logo Print side

Mange og store saker i kommunestyret

Kommunestyret skal den 15. juni ta stilling til fleire store saker. Det handlar om plan for gamle Knappskog skule, utvikling av Ågotnes idrettsanlegg, økonomirapport, vass- og avlaupsgebyr og etterbruk av Ekerhovd skule for å nemna noko.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Kommunestyret skal mellom anna ta stilling til sak om utvikling av Ågotnes idrettsområde
Kommunestyret skal mellom anna ta stilling til sak om utvikling av Ågotnes idrettsanlegg

Som følgje av mange og store saker, startar møtet klokka 10.00.

Her er sakslista:

• Detaljreguleringsplan for Knappskog gamle skule, sluttbehandling
• Økonomirapport pr. 1. tertial 2017
• Ny behandling: Endring i Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Fjell
  kommune
• Tiltak og vidare utvikling ved Ågotnes idrettsanlegg
• Godkjenning og revidering av finansstrategi og finansreglement for Fjell
  kommune
• Ekerhovd skule og barnehage, etterbruk
• Startlån - søknad om ekstra midlar for utlån 2017
• Modellar for utbyggingsavtalar i Fjell kommune
• Sluttbehandling: lokal forskrift om fartsavgrensing i sjø i Fjell kommune
• Sluttbehandling: Lokal forskrift om utslepp av olje- og feittholdig avløpsvatn
  for Fjell kommune
• Invitasjon til å delta i etablering av Vest brann- og redningsregion
• Sjukelønnsforsikring til ordførar og varaordførar
• Orienteringssak om løysingar for busetting, integrering og sysselsetting av
  flyktningar i fjellsamfunnet, oppfølging av pkt. 6 i Handlingsprogrammet –
  politiske prioriteringar, samt om busetjing av flyktningar i 2017
• Frivillig innsats for eldre
• Søknad om skjenkeløyve for Fusion Mat AS/Ruccola Cafe & Restaurant, Sartor Storsenter
• Fjell eldreråd, suppleringsval
• Søknad om fritak - suppleringsval til likestilling- og diskrimineringsutvalet
• Sommarfullmakt til ordføraren 2017

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus.
Her er innkalling med saksdokument.


Publisert: 08.06.2017 23:48
Sist endret: 08.06.2017 23:55