Facebook ikon Twitter logo Print side

Mange ønskjer å røysta på førehand

Det var kø på Fjell folkeboksamling i dag. Som vanleg var det mange som møtte opp for å røysta på førehand då dørene opna klokka 11.

Klara Karin Skoge viser kvar Kjell Lyder Hol Larsen skal putta røystesetelen. I bakgrunnen ser Jurgita Radulovic til at alt vert gjort på rette måten.
Klara Karin Skoge på bibliotektet viser kvar Kjell Lyder Hol Larsen skal putta røystesetelen. I bakgrunnen ser Jurgita Radulovic til at alt vert gjort slik det skal gjerast.

Kjell Lyder Hol Larsen frå Straume var ein av dei som var på plass like etter klokka 11 i dag.

- Eg røystar no før nokon klarer å få meg til å ombestemma meg, seier Kjell Lyder med glimt i auga.

Frå den 10. august har det vore høve til å førehandsrøysta både på folkeboksamlinga på Straume og på Fjell rådhus. Det kan du gjera fram til og med 8. september. I perioden 10. til 16. august var det registrert 402 førehandsrøyster og 52 tidlegrøyster. 320 av  førehandsrøystene er registrerte på biblioteket.

- Det er alle tiders at vi kan røysta på førehand her på biblioteket. Dette er noko eg også har nytta meg av ved tidlegare val, seier Kjell Lyder Hol Larsen.

Leiar av politisk sekretariat hjå Servicetorgsjefen, Grethe Bergsvik, seier at det er fleire som har røysta på førehand så langt i år samanlikna med tidlegare val.

- Hugs at vi har utvida opningstid på biblioteket den siste veka før valet (veke 36). Då kan det røystast mellom klokka 11 og 21, seier Grethe Bergsvik.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 17.08.2017 13:55
Sist endret: 17.08.2017 14:02