Facebook ikon Twitter logo Print side

Mange saker i kommunestyret den 22. november

Kommunestyret har fleire store saker på sakskartet på møtet komande torsdag. Mellom anna skal politikarane ta stilling til utbygging av Ågotnes idrettspark og sluttbehandla fire reguleringssaker.

Ill.

I saka om utvikling av Ågotnes idrettspark har formannskapet gått inn for at det vert gjennomført ei rekkje tiltak på Ågotnes idrettspark innanfor ei kostnadsramme på 37,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. I innstillinga frå formannskapet er det mellom anna føreslått å rehabilitera naturgrasbana og løpebana. På eksisterande grusbane er det føreslått å oppføra niarbane, friplass, trim- og leikepark med utstyr, flaumlys og drenering.

Her er sakene som er til politisk behandling 22. november

  • Oppfølging av forvaltningsrevisjon om tilpassa opplæring, spesialundervisning og samarbeid med PPT
  • Detaljreguleringsplan for Møvik bustad- og næringspark, sluttbehandling
  • Detaljregulering for Trettevika, Bjorøyna, sluttbehandling
  • Detaljreguleringsplan for Hjortefaret, sluttbehandling
  • Framlegg til detaljregulering for Tibben, Trengereid, sluttbehandling
  • Tilleggsoppmoding frå Intergrerings- og mangfaldsdirektoratet om busetting av
    flyktningar i 2018
  • Bjorøy skule - tilbygg og ombygging
  • Misje skule - etterbruk
  • Lyngheia bufellesskap - drift
  • Øygarden Brann og redning IKS, Finansiering av 110-sentral for 2018
  • Utvikling av Ågotnes idrettspark - Kostnader og finansiering av tiltak
  • Gründerparken Vest - vidare drift -kommunal finansiering i 2019
  • Finansiering av rundkøyring Fv 209 ved kystbygarasjen
  • 2.gongs behandling - Evaluering av parkeringssituasjonen ved Fjell rådhus og
    Straume helsesenter/Fjell sjukeheim/Straume bu- og servicesenter
  • Kommunal garanti for spelemidlar til turnhallSøknad om nettsalsløyve for alkoholhaldig drikk gr. 1 - NG Meny Vest AS
  • Søknad om skjenkeløyve for alkohol gr. 1 og 2 - Isushi Cafe Sotra AS
  • Søknad om fritak frå leiarvervet i Forliksrådet i Fjell, Sund og Øygarden, suppleringsval
  • Møteplan for folkevalde 2019

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 


Publisert: 15.11.2018 09:44
Sist endret: 15.11.2018 09:52