Facebook ikon Twitter logo Print side

Mange viste gjevarglede

Så langt er det samla inn om lag 900 tusen kroner frå Fjell til TV-aksjonen. Dette tilsvarar om lag 34 kroner pr. innbyggjar. Landsgjennomsnittet er om lag 41 kroner pr. innbyggjar og totalt 221 millionar kroner.

Glade medarbeidarar under innsamlingsaksjonen i går.
Glade medarbeidarar under innsamlingsaksjonen i går.

Leiar av kommunekomitéen, ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, seier at innsamlinga gjekk svært fint. Nokså tett opp mot innsamlingsdagen var det behov for mange bøssebererar, men det vart mobilisert godt. 

- Faktisk hadde vi overskot på bøssebererar og kunne leggja inn nokre nye ruter, som til dømes på bussterminalen. Folk var blide og stilte opp, og innsamlinga var godt organisert,, seier ein godt nøgd ordførar.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Som vanleg var det Fjell frivilligsentral som koordinererte TV-aksjonen. Inntektene frå TV-aksjonen i år går til det arbeidet CARE gjer for å skapa eit betre liv for kvinner i nokre av dei mest sårbare områda i verda. I bøssene frå Fjell kom det inn om lag 404 tusen kroner.



Sist endret: 21.10.2019