Facebook ikon Twitter logo Print side

Mangfald i Kystsogevekene

Du kan velja mellom ei rekkje av kulturtilbod når Kystsogevekene vert offisielt opna den 12. august. I Fjell er det oppført fire arrangement i dei fire veker lange Kystsogevekene som vert avslutta den 17. september.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Den offsielle opninga av Kystsogevekene skjer i Strusshamn den 12. august.
Den offsielle opninga av Kystsogevekene skjer i Strusshamn den 12. august.

Den offisielle opninga av Kystsogevekene skjer på Strusshamn i Askøy kommune laurdag den 12. august. Ordførar i Askøy, Terje Mathiassen, står for den offisielle opninga klokka 13.00. På opningsdagen strekkjer programmet seg frå klokka 11 til 17. Her kan du vera med på kulturhistorisk vandring, låna robåtar og kanoar, segla saman med kyndige folk frå Askøy seilforening og ta deg ein kopp kaffi nyta kortreist mat.


I Fjell er det oppført utstilling i Fjell festning sundag den 13. august, Langøymarknaden den 26. august, «Coasteering på Langøy» den 26. august og vandretur på Algrøyna den 27. august.


Her kan du lesa programmet i Sund og Øygarden.


Stiftinga Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kystkommunar i Hordaland og Gulen og Hordaland fylkeskommune. Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulera og virka som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege Kystsogeveker i Hordaland og Gulen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 

 


Publisert: 04.07.2017 13:49
Sist endret: 04.07.2017 13:55