Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerer samarbeid mot svart arbeid

Dei som tek turen Sotra Arena for å sjå topp internasjonal handball for kvinner denne veka, vil møta blide representantar frå skatteetaten ved inngangen. Det handlar om samarbeid mot svart økonomi.

Sissel Ekerhovd, Linda Johanne Kaalaas og Marthe Emilie Skjolden hjå kemneren i Fjell, Sund og Øygarden møter deg i Sotra Arena om du skal på landskamp i handball denne veka/til helga.
Sissel Ekerhovd, Linda Johanne Kaalaas og Marthe Emilie Skjolden hjå kemneren i Fjell, Sund og Øygarden møter deg i Sotra Arena om du skal på landskamp i handball denne veka/til helga.

- Vi stiller opp på stand torsdag, laurdag og sundag og vil gjerne gje informasjon om samarbeidet vi har i arbeidet mot svart økonomi, seier kemneren i Fjell, Sund og Øygarden, Sissel Ekerhovd.

Samarbeid mot svart økonomi (SMSØ) er ein allianse mellom KS, LO, NHO, Unio, YS og Skatteetaten. Desse aktørane arbeider saman om førebygging og haldingsendringar mot svart økonomi.

For å gjera kjent denne nye nettsida vil SMSØ dela ut effektar i forskjellige kampanjar rundt om kring i Noreg. Til dømes var SMSØ markert på bustadmessa i Tromsø 2017.

Ettersom skatteoppkrevjarane vert per 31.12 målt på aksjonar/prosjekt i samarbeid med andre kontrollaktørar, har vi vore med å planlagt kampanjen «Handle hvitt» i Sotra Arena i samband med Møbelringen Cup 2017.

SMSØ sentralt har av Norges håndballforbund kjøpt LED-reklame: 3 minutt i kvar av kampane til Noreg i tillegg til stand i arenaen alle tre kampdagane.

Det er Skatt vest, kemneren i Askøy og kemneren i Fjell, Sund og Øygarden skal samarbeida om å stå på stand torsdag, laurdag og søndag. I tillegg kjem «eigar» av kampanjen seniorrådgjevar Jon Arild Ruud frå Skattedirektoratet som observatør.


Publisert: 22.11.2017 15:10
Sist endret: 22.11.2017 15:28