Facebook ikon Twitter logo Print side

Markert som dysleksivennleg skule

Det var høgtidleg stemning i gymnastikksalen på Knappskog skule då skulen blei markert som dysleksivennleg skule i dag.

Frå markeringa i dag
Frå markeringa i dag

Dysleksi Norge var til stades på markeringa og skulen fekk ein fin plakett som viser at skulen er sertifisert. Det var Ruben Haga Sulen og Oliver Galteland som tok imot plaketten som blei delt ut av Åsne Midtbø Aas i Dysleksi Norge.

I tillegg til sjølve sertifiseringa var det elevinnslag og allsong. Foreldre, skulesjef, samt leiinga på PPT var til stades på samlinga. I sertifiseringa ligg det nokre kriterium til grunn som skal sikra kvaliteten skulen gjer i arbeidet med desse elevane. Skulen må ha gode system på plass for å kunne fanga opp elevane tidleg, men ikkje minst følgja dei opp i skulekvardagen.

Det handlar om relasjon, tilnærming og støtte, samt bruk av gode digitale verktøy som er til hjelp for elevane. Knappskog skule er tilfreds med å vera i mål med sertifiseringa, men er tydeleg på at det er no jobben startar med å sikra denne gruppa elevar ei godt og tilpassa skuletilbod i framtida.

Saman med Foldnes skule skal skulen i dag gjennomføra eit kompetansehevingskurs om dysleksi som skal hjelpe oss vidare i arbeidet.

Odd-Erik Kjeldstad
rektor Knappskog skule

Her er fleire bilete frå markeringa:


Sist endret: 19.02.2019