Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerte etableringa av Øygarden brann og redning IKS

Den 6. februar var det ei enkel markering av etableringa av Øygarden brann og redning IKS. Selskapet var operativt frå og med 1. januar 2018 og har om lag 70 tilsette.

Her opnar ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, og styreleiar Per Rune Eikeseth kaka.
Her vert kaka opna av ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, og styreleiar Per Rune Eikeseth.

Markeringa fann stad i Ågotnes brannstasjon frå klokka 18 til 20. I underkant av 60 personar var til stades. Det var ei fin blanding av tilsette, representantar frå styret og representantskapet.

Det var hyggeleg at ordføraren i Sund og Øygarden og varaordføraren i Fjell var til stades. Også representantar frå lokalt politi og Hordaland Sivilforsvarsdistrikt var på plass. Det var også beredskapsleiaren i Fjell.

Det går fram av bileta at vår nye medarbeidar Bjørnis også kasta glans over forsamlinga.


Bjørn Olav Paulsen
administrasjonsavdeling/brann- og redningssjef
Øygarden brann og redning IKS

Alle foto: Geir Jensen

Her er fleire bilete frå markeringa:

Bjørn Olav Paulsen, Børge Haugetun og Per Rune Eikeseth.Lars Olav Hjartøy, Bjørnis og Børge Haugetun. Utval av tilsette i Øygarden brann og redning IKS

 


Publisert: 07.02.2018 12:58
Sist endret: 07.02.2018 13:26