Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerte Foldnes som dysleksivennleg skule

I føremiddag vart det markert at Foldnes skule har fått status som dysleksivennleg skule. Det er Dysleksi Norge som inngår eit slikt samarbeid med skular i landet.

Carmen Egidius Sætersdal Krakstad er glad i både Torjus og hundeeigar Stine Olsen
Carmen Egidius Sætersdal Krakstad er glad i både Torjus og hundeeigar Stine Olsen

Foldnes skule er den andre skulen i Hordaland som har fått denne statusen. For å få denne statuen må skulen mellom anna ha gode planar om kompetanseheving, godt læremiddeltilbod og prosedyrar og rutinar for å setja i gang tiltak. Les om alle kriteria her.

Tredjeklassingen Carmen Egidius Sætersdal Krakstad er ein av elevane på Foldnes skule som har lese- og skrivevanskar. Sidan oktober i fjor ho saman med fem andre elevar på andre og tredje årstrinn hatt det privilegiet å få lesa for hunden Torjus. Frå hausten av vert Torjus fast lesehund på Foldnes skule. Det er ingen tvil om at Torjus er ein god lyttar.

- Det har vore svært kjekt å få lesa for Torjus. Eg har lese forskjellige ting for han, og han rettar meg ikkje når eg les feil, seier Carmen.

Gler seg til å møta elevane

Hundeførar Stine Olsen gler seg kvar gong ho kan ta med seg Torjus til elevane på Foldnes skule.

- Dette er kjekt for både hunden og meg, og vi har gledd oss til kvar torsdag på Foldnes skule. Elevane har vore kjempeflinke til å lesa for Torjus. Hunden
er kvalifisert for å vera besøkshund og lært opp til å vera sosial og å vera ein tolmodig lyttar, seier Olsen.

Det var rektor Ragnhild K. Magerøy som ønskte velkomen til markeringa i føremiddag. Ho understreka at vi alle strevar med ulike ting.

- Det å lesa og skriva kan vera vanskeleg, men dersom vi øver på det som er vanskeleg, lukkast vi. Skulen må ha gode tiltak for å hjelpa elevane. Det er nok ein del elevar som har vore misunnelege på dei som har fått lesa for Torjus, sa rektoren til elevane og dei andre som møtte opp på markeringa.

Ho uttrykte glede over samarbeidet med Dysleksi Norge og at Torjus vert ein ekte lesehund på Foldnes skule frå hausten av.

Alle elevane var med på markeringa i dag.
Alle elevane var med på markeringa i dag.

Vil ha fleire med

Dysleksi Norge var representert ved Mette Marie Berntsberg. Ho er leiar for lokallaget i Hordaland og styremedlem i landsstyre. Det langsiktige målet er at alle skulane i landet vert dysleksivennlege.

- Vi ønskjer at lesing og skriving skal vera kjekt for alle barn, også for dei som synest det er vanskeleg. No er Foldnes godkjent som dysleksivennleg skule, og vi er stolte over at Foldnes skule følgjer kriteria og krava for å ha denne statusen. Andre skular ser på Foldnes, sa Berntsberg. Ho minna elevane om kor viktig det er å gje beskjed til lærarane dersom det går trått med lesing og skriving.

Rektor Ragnhild K. Magerøy rosar leselærar og spesialpedagogisk koordinator Toril Herdlevær Kvalheim.

- Ho er eit arbeidsjern, og utan henne hadde vi ikkje fått dette til, seier rektoren.

Herdlevær Kvalheim seier at elevane skal ha ei trygg ramme når dei les for Torjus.

- Vi rettar ikkje på lesinga når dei lese for lesehunden. Vi følgjer opp lesinga elles i veka og tek det opp i andre settingar. Eg opplever at dette
opplegget funger svært godt, seier Herdlevær Kvalheim.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå markeringa:

Rektor Ragnhild K. MagerøyFrå venstre; Carmen Egidius Sætersdal Krakstad, Toril Herdlevær Kvalheim og Stine Olsen. Til venstre; Mette Marie Berntsberg.Mette Marie Berntsberg og Ragnhild K. Magerøy.

 


Publisert: 24.05.2018 13:19
Sist endret: 24.05.2018 13:34