Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerte jubileum år med kvalitetskonsert

Med Gabriel Fliflet og Bjørn Tomren på scena fekk dei 130 personane som hadde funne vegen til Sotra Arena i dag ei feststund. Dei to karane gav femårsubilantane i Aktiv + ein konsert med humor, alvor, ettertanke og ei stemmebruk av sjeldan høg kvalitet.

Bjørn Tomren og Gabriel Fliflet gav dei frammøtte ei festførestilling i dag.
Bjørn Tomren og Gabriel Fliflet gav dei frammøtte ei oppleving dei vil hugsa lenge..

Det er no nokså nøyaktig fem år sidan at Aktiv + såg dagens ljos. Kvar tysdag klokka 10.30 til 14.00 møter mange yngre og eldre seniorar til aktivitet, kulturinnslag og foredrag. Denne dagen måtte ein ta i bruk delar av spelehall tre i Sotra Arena for å få plass til publikum. AKTIV+ vert driven av frivillige organisasjonar i samarbeid med Fjell kommune. Målet er å driva og vidareutvikla ein sosial og helsefremjande møtestad som seniorar ikkje kan gå glipp av.

Gabriel Fliflet og Bjørn Tomren hadde eit stort repertoar, og her var litt for ein kvar smak. Mellom anna fekk publikum eit klipp frå «Sanger fra byen», ein konsert Fliflet arrangerte der han utfordra forfattarar til å dikta nye bergenssongar. Sunnhordlendingen Per Ole Kallestad hadde mange minne frå byen i ungdomen, og Gabriel framførte Kallestads vakre song slik berre han kan; «Alltid vil eg elska denne byen, sam kva som skjer og kor eg fer. Eg drøymer om ei vakker natt i mai og lengtar etter varmen eg fann der».

Om dei to karane snakka sant i dag, kan Bjørn Tomren skilta med deltaking i uoffisiell strupesong i Sibir. Bronsemedalje skal det ha blitt på romsdølingen. Bjørn imponerte uansett med nydeleg og kreativ stemmebruk, alt frå den djupaste bass til strupesong av beste sort. Vi som var i Sotra Arena i dag, fekk det meste; Johannes Kleppevik, Johnny Cash, Hank Williams, salme i folketone, Erik Bye, Jim Reeves og Evert Taube.

Ein av nestorane i Aktiv+, Egil Haaland ønskte forsamlinga velkomen og gav eit kort historisk tilbakeblikk. Det starta i oktober 2014. Han kunne ikkje leggja skjul på kor imponert han var over stadig auka oppslutnad dei fem åra som er gått sidan starten. Han gav også ros til Janne Mo hjå Omsorgssjefen som har vore ein viktig støttespelar for Aktiv+. Haaland helste også frå styreleiar Ranveig Frøiland som ikkje hadde høve til å vera med på samlinga i dag. Også nestleiar i styret, Gunnar Angeltveit, fekk takk for innsatsen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire foto frå konserten:


Sist endret: 15.10.2019