Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerte nye lokale for Straume arbeidssenter

Sentrale politikarar, byråkratar og komité for drift og forvaltning fekk i dag vera med på markeringa for dei nye lokala for Straume arbeidssenter på Søre Straume. Dei nye lokala har vore i bruk ei tid etter utflyttinga frå dei gamle lokala ved Sartor Storsenter.

Rune Kaalaas og Britt Iren Sundøy gav ei grundig innføring av aktivitetane i senteret.
Rune Kaalaas og Britt Iren Sundøy gav grundig informasjon om aktivitetane i senteret.


Straume arbeidssenter er no lokalisert i eit nytt bygg nokså nær kaien på Søre Straume. Senteret disponerer no knapt tusen kvadratmeter, og no kan arbeidarane gle seg over lyse og godt tilrettelagte lokale. I dag er det 32 personar som har dagaktivitetar og arbeid på senteret. Hildegunn Vengen hjå Sosialsjefen opplyste at det er venta fleire arbeidarar til senteret.

Rune Kaalaas og Britt Iren Sundøy gav ei grundig innføring i kva som føregår på arbeidssenteret.

- Vi har verkstad, handarbeid, strikking og makulering. Mange likar å makulera papir, og dette er ei fin oppgåve vi har fått frå kommunen, fortalde Sundøy.

På senteret er det lagt til rette for sanserom, musikkrom og treningsrom. Sundøy viste til at utegruppa arbeider med vedpaller, tennbrikettar, sleiver og ausekar.

- Men vi manglar utstyr til andre produksjonar. Ja, vi har eit veldig behov for utstyr, fortalde ho og la eit aldri så lite press på politikarane som sit på pengesekken.

- Vi har fått med oss oppmodinga om å finna pengar til verktøy, var svaret frå leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen.

Men sjølv om representanten for dei tilsette på Straume arbeidssenter gav uttrykk for at dei gjerne skulle hatt litt meir utstyr, var det ingen klaging å registrera.

- Vi trivst svært godt her. Vi er glade for at vi har fått høve til å vera her, og vil likar å tøysa og tulla. Og der er OK å få litt pengar også, sa Sundøy til dei mange som sat rundt borda og koste seg med kaffi og kaker.

Synfaring på Straumehagen

Politikarane fekk også tid til synfaring på Straumehagen ved Sartor Storsenter. Fjell kommune har kjøpt seg inn i dette bustadkomplekset. Totalt er det kjøpt 10 husvære.

Frå snynfaring på Straumehagen.
Frå synfaringa på Straumehagen.

- Dette gjev omsorgsbustader for eldre, funksjonshemma og andre yngre med behov for omsorgsbustad, opplyser omsorgssjef Line Barmen. I slutten av februar er husværa klare for innflytting. Det er lagt til rette for døgnbemanna base knytt til husværa.

Her er fleire bilete frå markeringa på Straume arbeidssenter:

Hildegunn VengenErnst Einarsen

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 


Publisert: 17.01.2017 21:43
Sist endret: 17.01.2017 21:55