Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerte samarbeid om barnevern

- Dette vert svært bra for både Sund og Fjell. Når vi no skal verta ein større kommune, er det like godt å vera på forskot. Dette sa ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, onsdag ettermiddag då dei to kommunane markerte samarbeidet om barnevernet. Med verknad frå 1. juni vert barneverntenesta slått saman for dei to kommunane.

Kake må til på ein dag som dette. Dei to ordførarane (Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Kari-Anne Landro (Sund) tek dei første stykka.
Kake må til på ein dag som dette. Dei to ordførarane (Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Kari-Anne Landro (Sund))tek dei første stykka.


Samarbeidet vert gjennomført ved at barneverntenesta i Sund vert overført frå Sund til Fjell i form av eit vertskommunesamarbeid/tenesteoverdraging. Alle vedtak knytt til barnevernet vert tekne i Fjell. Barnevernet vert samla i dei nye lokale på Sartor Storsenter på Straume, men det vert også tilgjengelege kontor- og møtelokale i Sund. Sju medarbeidarar frå Sund får arbeidsplassen i dei eitt år gamle lokala på Straume.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, meinte at arbeidet med kommunesamanslåing har bidrege til at ein har fått til dette samarbeidet.

- Eg er sikker på at samarbeidet vil gå kjempefint og at det vert eit godt arbeidsmiljø her, sa Sandahl Bjorøy.

Stor velvilje

Kommunalsjef i Sund, Jon Erik Egeland, sa at Sund kommune tok initiativ til samarbeidet i ein periode der kommunen sleit med barnverntenesta. Både ordførar og rådmann var positive til å ta kontakt med Fjell. Og i Fjell møtte Sund på velvilje både politisk og administrativt.

- Det hadde ikkje vore mogleg å få dette til utan velvilje frå alle. Eg er trygg på at brukarane i Sund vert tekne like godt vare på som brukarane i Fjell, sa Egeland og nemnde leiar av barnevernet Bård Tyldum, sosialsjef Tove Helland og prosjektleiar Atle Justad som viktige aktørar i arbeidet med å få til dette samarbeidet.

Konstituert leiar for barneverntenesta i Sund, Christine Turøy, er ein av dei sju medarbeidarane i Sund som vert ein del av arbeidsfellesskapet på Straume. Til venstre; IT-leiar i Sund, Jørgen Kausland .
Konstituert leiar for barneverntenesta i Sund, Christine Turøy, er ein av dei sju medarbeidarane i Sund som vert ein del av arbeidsfellesskapet på Straume. Til venstre; IT-leiar i Sund, Jørgen Kausland .

Leiar av barnvernet i Fjell, Bård Tyldum, opplyser at det er 47 medarbeidarar i barneverntenesta i Fjell. I tillegg kjem 24 medarbeidarar knytt til einslege mindreårige. Frå Sund kommune kjem det sju medarbeidarar frå 1. juni som følgje av samarbeidet.

- Det har vore svært gode prosessar, men han har vore omfattande med mange arbeidsgrupper knytt til IKT, personal, økonomi, arkiv, praktisk og informasjon. Vi ser fram til at dei nye medarbeidarane frå Sund tilfører mykje positivt til tenesta, seier Bård Tyldum. Han rettar også takk til tillitsvalde, verneombod, Atle Justad og Esther Vetås som har hatt nøkkelroller i dette arbeidet.

Her fleire bilete frå markeringa onsdag ettermiddag:

Frå venstre; Jon Erik Egeland, Kari-Anne Landro, Rune Lid (rådmann i Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy.Bård TyldumJon Erik Egeland og Tove Helleland

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 


Publisert: 24.05.2017 16:11
Sist endret: 24.05.2017 17:28