Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerte Sartor Storsenter som demensvennleg kjøpesenter

I dag overrekte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy diplom til direktør på Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, som eit synleg bevis for at senteret er eit demensvennleg kjøpesenter.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gev diplom til senterdirektør Thomas Skålvik.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gev diplom til senterdirektør Thomas Skålvik.

Ordføraren understreka kor viktig det er at det vert gjeve opplæring i å møta menneske med demens. Ho viste til at om lag 78 tusen menneske i Noreg lever med demenssjukdom. Nokre av desse bur på institusjon, andre bur heime.

- Eg er stolt over at Sartor Storsenter har teke denne ballen og gjort ein jobb overfor butikkane i senteret. I januar underteikna Fjell kommune ein samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen som slår fast at Fjell er eit demensvennleg samfunn. Det er viktig at samfunnet rundt oss får opplæring, sa ordføraren.

Thomas Skålnes opplyste at Sartor Storsenter i juni i år hadde kurs for 97 butikkar og 110 deltakarar. Senteret ønskjer å leggja til rette for at menneske med demens kjenner seg velkomen.

10 nettbrett frå Elkjøp

Espen Høgøy overleverte 10 nettbrett (IPad) til Fjell kommune.

- Vi har eit fond i Elkjøp, og vi spurte oss kva demente kan ha bruk for av våre produkt, sa Høgøy.

På vegner av Elkjøp gav Espen Høgøy (til høgre) 10 nettbrett til FJell kommune. Prosjektkoordinator Bodil Giil hjå Omsorgssjfen tok imot gåva.
På vegner av Elkjøp gav Espen Høgøy (til høgre) 10 nettbrett til FJell kommune. Til venstre for Høgøy står prosjektkoordinator Bodil Giil hjå Omsorgssjfen.

Høgøy opplyste at det vart konkludert med at pengane frå fondet skulle brukast til kjøp av nettbrett. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy takka for gåva og sa at nettbretta mellom anna skal brukast på Kvednatunet og i andre tenester som til dømes heimetenesta

- Demensvennleg senter er vennleg senter

Ingvild Hansen frå fylkeskontoret i Hordaland og Sogn og Fjordane i Nasjonalforeningen for folkehelsen roste Fjell kommune og senteret for å følgja opp samarbeidsavtalen.

- Fjell kommune viser veg, og Sartor Storsenter viser veg. De er best i Hordaland, og dette senteret er det første senteret som vert demensvennleg i fylket. Eg håpar at Fjell kan inspirera andre, sa Hansen. Ho understrekar også at eit demensvennleg kjøpesenter er eit vennleg senter.

Aktørar i samarbeidet om demensvennleg samfunn. Frå venstre; ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, leiar i Fjell. Sund og Øygarden demensforeining, prosjektkoordinator hjå Omsorgssjfen, Bodil Giil, Ingvild Hansen frå fylkeskontoret i Hordaland og Sogn og Fjordane i Nasjonalforeningen for folkehelsen, demenskontakt i fylkesstyret for Folkehelsen, Evy Gjesdal og marknadssjef for Sartor Storsenter, Hans Jarle Einarsen.
Aktørar i samarbeidet om demensvennleg samfunn. Frå venstre; ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, leiar i Fjell. Sund og Øygarden demensforeining, Elin Marie Tyssøy, prosjektkoordinator hjå Omsorgssjfen, Bodil Giil, Ingvild Hansen frå fylkeskontoret i Hordaland og Sogn og Fjordane i Nasjonalforeningen for folkehelsen, demenskontakt i fylkesstyret for Folkehelsen, Evy Gjesdal,og marknadssjef for Sartor Storsenter, Hans Jarle Einarsen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 


Publisert: 19.09.2018 20:53
Sist endret: 19.09.2018 21:07