Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerte start for Fjell som språkkommune

Fjell kommune er ein av fire kommunar i Hordaland som er plukka ut til å vera språkkommune. På landsbasis er det 28 kommunar som så langt har fått tilbod om å vera språkkommune.

Barnehagesjef Margun Landro og skulesjef Wilhelm Anglevik markerte i dag starten på Fjell kommune som språkkommune.
Barnehagesjef Margun Landro og skulesjef Wilhelm Anglevik markerte i dag starten på Fjell kommune som språkkommune.

I dag var det startmøte og refleksjonssamling i kultursalen i Fjell rådhus.

- Det handlar om språk, lesing og skriving. Dette er eit viktig grunnlag for barna. Fjell kommune har forplikta seg i arbeidet med lesing og skriving på tvers av barnehage og skule, sa barnehagesjef Margun Landro då ho saman med skulesjef Wilhelm Anglevik ønskte velkomen til den første samlinga i arbeidet med Fjell som språkkommune.

Kjersti Sundahl og Irene Solem frå Barnehagesjefen og Anne Turid Våge hjå Skulesjefen orienterte om kva Fjell kommune forpliktar seg til som språkkommune og kva oppgåver som no ligg framfor.

Det overordna målet med å vera språkkommune er å systematisera og styrkja kompetansen til dei tilsette i barnehage og skule når det gjeld språk lesing og skriving. Vidare er det eit mål å utvikla felles forståing og samanheng mellom barnehage og skule. Det er også eit mål å styrkja språkleg kompetanse hjå føreskulebarn generelt og minoritetsspråklege spesielt. Skuleelevane skal ha god språk-, lese- og skrivekompetanse i samsvar med læreplanen.

Det vert teke sikte på å levera endeleg strategi i midten av desember og tiltaksplan i løpet av våren 2018. Barnehagesjef Margun Landro er prosjektansvarleg. Det er sett ned ei styringsgruppe på fem personar.

Les meir på Språkløyper.


Nokre av deltakarane på startsamlinga i dag.
Nokre av deltakarane på startsamlinga i dag.

Tekst og foto: Vigleik Brekke




Publisert: 26.09.2017 22:26
Sist endret: 26.09.2017 22:31