Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerte starten på arbeidet med opptrappingsplan

Underteikna frå konsultasjonsteamet for vald og overgrep har denne veka vore på seminar på Scandic i Bergen initiert av regjeringa for å markera starten i arbeidet med Opptrappingsplan for vold og overgrep i nære relasjoner 2017-21.

Frå seminaret denene veka.
Frå seminaret denene veka.

På seminaret var det foredrag om rapporten Svikt og Svik og informasjon om kommunale og regionale konsultasjonsteam frå mellom anna Dag Nordanger og Reidun Dybsland fra RVTS vest (Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging). Svært spennande informasjon på seminaret var lanseringa av tre nye digitale verktøy. «Jeg vet» er eit digitalt opplærings- og førebyggingsverktøy for samtalar med fagpersoner i barnehage og skule, føresette og barn i alle aldrar om vald, seksuelle overgrep, digitale krenkingar og mobbing. Verktøyet er under utvikling, og valds og overgrepsteamet vil koma tilbake med opplæring til tilsette i kommunen når det er ferdigstilt.

Det andre verktøyet er tilgjengelig nå og heiter «Snakke». «Snakke» er digital opplæring på barnesamtalar ved uro for vald og seksuelle overgrep med formål å avdekkja dette. Det har vore årleg opplæring i Fjell dei siste 10 åra på tema, og konsultasjonsteamet har jamlege møte og er tilgjengeleg for rettleiing på avdekkjande samtalar.

Konsultasjonsteamet
Konsultasjonsteamet

Det digitale verktøyet er et godt supplement som kan også kan brukast som støtte og vedlikehald av kompetanse på barnesamtala ved uro. Det siste verktøyet som vart lansert er rutinar for å avdekkja vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom med nedsett funksjonsevne, sjå vernmotovergrep.no

Vi oppmodar alle som jobbar med barn og unge til å sjå dei digitale verktøya. Vald og overgrep mot barn og unge er et høgfrekvent folkehelseproblem som skal talast ihel ikke tiast i hel.


Anja Høye Rogde og Jorunn Tyldum


Publisert: 23.05.2018 13:00
Sist endret: 23.05.2018 13:38