Facebook ikon Twitter logo Print side

Opna første byggjesteg på Foldnesvegen

I dag klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy av snora for å markera at byggjesteg eín av utbetringa av Foldnesvegen (fv 209) er fullført.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy erklærer Foldnesvegen byggjesteg eín for offisielt opna. Til venstre; spesialrådgjevar i Hordaland fylkeskommune, Inge Edvardsen, og til høgre; dagleg leiar i Sartor Maskin, Kåre Bjorøy.
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy erklærer Foldnesvegen byggjesteg eín for offisielt opna. Til venstre; spesialrådgjevar i Hordaland fylkeskommune, Inge Edvardsen, og til høgre; dagleg leiar i Sartor Maskin, Kåre Bjorøy.

Strekninga på 840 meter har fått breiare køyreveg og gang og sykkelveg mellom avkøyringa til Skiftedalsvegen og Larslia. Det er også sett opp nye busstopp langs strekninga. Mange vil nok setja pris på at den smale og trafikkfarlege strekninga no er historie.

- Eg er stolt over at vi har fått dette til. Dette gjev tryggare veg og betre forhold for syklande og gåande. Vi har underteikna ein sykkelbyavtale der målet er å få fleire til å sykla eller å gå inn mot Straume og Bergen. Tiltaka skal ha eit folkeperspektiv, sa Marianne Sandahl då ho talte til deltakarane på opninga. Både totalentreprenør Sartor Maskin, Foldnes Utbygging (utbyggjar av bustader i området), Hordaland fylkeskommune, FjellVAR og kommunefolk var på plass på opninga i dag.

Første byggjesteg har ei kostnadsramme på 15,6 millionar kroner. Dette er eit spleiselag der fylkeskommunen og Fjell kommune deler rekninga. Rekkjefølgjekrav for Foldnes Utbygging er også ein integrert del av prosjektet. Når byggjesteg to (retning Vågo) er fullført innan utgangen av 2020, er totalt 1,7 kilometer veg utbetra.

Kåre Bjorøy i Sartor Maskin takka for oppdraget og godt samarbeid.

- Det er godt å samarbeida med dykk, sa Bjorøy.

Ordføraren kvitterte med å takka både Foldnes Utbygging, fylkeskommunen, Statens vegvesen, FjellVAR og Sartor Maskin for samarbeidet.

- Vi kan nesten sjå det når det er Sartor Maskin som har gjort jobben. Det er eit kvalitetsstempel, sa ordføraren og minna om at det i dette prosjektet også ligg inne rekkjefølgjekrav som Foldnes Utbygging har gjennomført. Ho gler seg også over at skogen mellom vegen og Skiftedalsvatnet er fjerna som ein konsekvens av vegutbetringa. 

Som ein del av vegprosjektet har Foldnes Utbygging bidrege med rekkjefølgjekrav i samband med utbygging i området.
Som ein del av vegprosjektet har Foldnes Utbygging bidrege i form av rekkjefølgjekrav i samband med utbygging i området.

Kombinert med betre veg og gang- og sykkelveg, er det lagt ned høgspentlinje, fiberkablar og leidningar i regi av FjellVAR. Dette selskapet byggjer eit stort reinseanlegg på Vågo, og mykje steinmasser derifrå er nytta i dette vegprosjektet.

- Vi har nok bidrege med fem tusen kubikk masse, seier dagleg leiar Bjarne Ulvestad.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Til høgre; Trond Jetmundsen, Foldnes Utbygging.

 

 


Sist endret: 18.03.2019