Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerte Verdas Bokdag i Svingen barnehage

På torsdag denne veka fekk vi storfint besøk av barnehagesjef Margun Landro for å markera avslutninga på bokprosjektet dette året.

Frå samlinga i går.
Frå samlinga i går.

Vestnytt var til stades for å dokumentera hendinga. Store og små fekk oppleva vaksne i roller som formidla bøker gjennom dramatisering, film, musikk og utstillingar. Gjennom dei siste åra har Språkløyper gitt heile personalet i Svingen eit kompetanseløft og i 2018/2019 i stor grad vore med på å driva prosjektet framover.

Fagområdet Språk, tekst og kommunikasjon har dette året vore eit gjennomgåande tema i Svingen. Ut i frå alder og modningsnivå på barna, har avdelingane valt ut bøker og litteraturkarakterar som dei ville ha ekstra fokus på; Albert Åberg, Jakob og Neikob, Bukkene Bruse og Lille Larven aldri mett.

Kvar avdeling har fordjupa seg i boka si ved bruk av ulike metodar som: gjentakande lesing, drama, film, formingsaktivitetar, musikk, lydbøker, og samlingsstunder, samt at vi har lekt boka og hatt mange fine samtalar om denne.

Slik har barna vært medskaparar i prosjektet. Det har vore både vært lærerikt og gøy, med prosessen i sentrum, ikkje resultatet. Men vi må likevel få seia oss svært stolte over nettopp resultatet, både gårsdagens store markering og den aukande interessa og lesegleda i barnegruppene.

Ingri Mari Glastad og Katja Morvik

 


Sist endret: 25.04.2019