Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerte Verdas overdosedag

I dag, 31. august vart Verdas overdosedag markert på MO-senteret på Straume. Fjell kommune er med i eit prosjekt som gjev senteret høve til å dela ut og gje opplæring i bruk av nasal Nalokson.


Mat er viktig for å skapa godt fellesskap. I dag vart det servert middag og kaffi og kaker.

Denne nasesprayen kan nyttast ved opiodoverdosar og er ei motgift som kan reversera overdosen. Dette erstattar ikkje legebehandling, og ein skal uansett tilkalla 113 ved overdose.

Bjørn David Aase (47) er flittig brukar av MO-senteret. Han fortel at han tidlegare har vore rusmisbrukar og brukar no medisin for å klara seg.

- MO-senteret er eit veldig, veldig godt tilbod. Dei tilsette på senteret er svært greie, og vi får vera med på ei rekkje aktivitetar som fisketurar, gåturar, bowling, kanopadling og kino. Dette er ein viktig møteplass for mange, seier Aase som kjenner til fleire i Fjell som har døydd av overdose.

Dyster statistikk

På verdas overdosedag orienterte dagleg leiar Kjetil Lohne på MO-senteret om denne spesielle dagen og det nye tilbodet med utdeling av Nalokson nasespray.

- Frå måndag av deler vi ut denne nasesprayen her på senteret. Hugs at denne sprayen ikkje er erstatning for medisinsk naudhjelp eller grunnleggjande livredning. Ambulanse må uansett tilkallast ved overdose. I dag minnast vi alle dei som har døydd av overdose. I Noreg er det 280 overdosedødsfall, og vi er heilt i toppen av denne dystre statistikken, fortalde Lohne til dei som hadde funne vegen til MO-senteret denne fredagen. Lokalt er det også mykje overdosedødsfall. I Fjell var det registrert åtte personar som døydde av overdose i 2016.

Medarbeidarar på MO-senteret; Kjetil Lohne og Daniel Espeland.
Medarbeidarar på MO-senteret; Kjetil Lohne og Daniel Espeland.

MO-senteret har ope mellom klokka 10 og 14 måndag til fredag, og mellom 12 og 15 personar nyttar seg dagleg av tilbodet på MO-senteret. I løpet av ein lengre periode er det rundt 50 personar som besøkjer senteret. Fire tilsette (tre
årsverk) sikrar god drift av senteret. Kjetil Lohne fortel at det har vore auka oppslutnad om senteret den siste tida.

- Er det positivt?

- Ja, i alle hovudsak er det positivt. Dette viser at folk set pris på dette tilbodet og at det er ein viktig møteplass. Dei som brukar senteret finn det meiningsfullt å vera her, seier Lohne som er glad for at senteret har fått tilbod om musikkterapi. Dei som besøkjer senteret får praktisk hjelp og kan til dømes få juridisk hjelp frå gatejuristen. Lohne er også glad for det gode samarbeidet med dei som har lokale like ved senteret.


Tekst foto: Vigleik Brekke


Publisert: 31.08.2018 14:29
Sist endret: 31.08.2018 14:39