Facebook ikon Twitter logo Print side

Matkassar og presangar til 30 familiar

Også i år vert det delt ut matkassar og julegåver til familiar i Fjell. Tremorkirken gjev matkassane til barnevernet som fordeler dei vidare til familiane.

Matkassar og presangar til jul

Dette har vore ein årleg tradisjon frå 2011. I år vert det delt ut matkassar til 30 familiar. I matkassane er det diverse julemat, både middag, snop og snacks. I tillegg er det julegåver som er tilpassa barna i familien med tanke på alder og kjønn.

- For familiane er dette eit stort høgdepunkt, og for fleire av dei betyr dette enormt mykje. Fleire av familiane har ikkje økonomi til å kunna tilby barna sine det som for dei fleste av oss er sjølvsagt. Også for dei tilsette gjev det ei stor gleda å kunna overrekka desse matkassane og gåvene til dei familiane som kanskje treng det mest i kommunen vår, seier leiar i barneverntenesta i Fjell, Bård Tyldum.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 20.12.2017 10:43
Sist endret: 20.12.2017 10:45