Facebook ikon Twitter logo Print side

MatteMaraton i Oslo for Foldnes-elevar

Klassane på mellomtrinnet ved Foldnes skule har deltatt på MatteMaraton i regi av Kikora dei siste fire åra. I år, som i fjor, kvalifiserte to klassar seg for å delta i Mattemaraton finalen ved Teknisk museum i Oslo. I år deltok totalt 64 klassar frå heile landet.

Foldnes-elevar på MatteMaraton i Oslo
Foldnes-elevar på MatteMaraton i Oslo.

Kikora sin Mattemaraton er digital og vert gjennomført på våren. Elvene på 4. til og med 7. trinn ved Foldnes skule jobbar seg gjennom tusenvis av oppgåver, både heime og på skulen. Lærarane opplever eit stort engasjement blant elevane i løysing av oppgåver.

For å verte kvalifisert til Mattemaraton må klassane ha løyst minst 90 prosent av elevane i klassen fullfører minst eit løp i MatteMaraton innan utgangen av mai.
To elevar frå kvar klasse vert nominert til å representere klassane i finalen.

Lærar Inge Fagerli reiste torsdag 24. august saman med Emma Marinussen og Sofie Paulsen frå det som i vår var 5a, medan Oliver Myksvol og Celina Tørum var i det som var 7a. Dei to sistnemde går no på Fjell ungdomsskule, men hadde permisjon for å vere med Foldnes skule for å representere sin gamle klasse i finalen.

Ved å delta i finalen får elevane fagleg påfyll og ei matematikkoppleving litt utanom det vanlege.

Takk til elevar og lærarar for innsatsen med MatteMaraton i vår, samt Emma, Sofie, Oliver og Celina med innsatsen i går!


Ragnhild Knudsen Magerøy
rektor Foldnes skule

 


Publisert: 24.08.2017 23:58
Sist endret: 25.08.2017 00:04