Facebook ikon Twitter logo Print side

Med Gládag på timeplanen på Landro skule

Kvar torsdag gjennom heile skuleåret ser skuledagen litt annleis ut på Landro skule, då er det nemleg Gládag på timeplanen. Det handlar om samarbeid og samhandling på tvers for liten og stor.



I Glàdagstida får elevane prøva seg på mange ulike aktivitetar, og praktisk læring står i fokus! Vi kan nemna aktivitetar som felleskor, teknologi og design, koding, trearbeid, symaskin, gitar og band, hage og natur, 3D-teikning og legorobot, uteskule og fysisk aktivitet, høgtlesing og drama og fleire ulike formingsaktivitetar. Elevane på 1. - 4. trinn er blanda på tvers i ulike grupper, og det same er elevane på 5. - 7. trinn.

- Gládagen er favorittdagen min! kjem det kjapt frå ein av elevane på 4. trinn når eg spør dei om kva dei tenkjer om denne skuledagen. Andre løftar fram at det er spennande og gøy å jobba med ulike tema og aktivitetar, dei får nye vener på tvers av klassane og det er kjekt å jobba på ein annan måte ein dag i veka.
Denne måten å jobba på er med på å skapa eit inkluderande læringsmiljø med god samhandling på tvers. Dette er viktig då ein av hovudoppgåvene til skulen er å utvikla eit inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle!

Sist veke gjennomførte elevane våre to flotte konsertar. Dette er eit resultat av øving med felleskor på Gládagen vår. 12. juni inviterte vi til det årlege «Seniortreffet». Gymnastikksalen var fylt med besteforeldre og andre kjende som elevane har kjær. Dei kunne gle seg over flott konsert, i tillegg til å få besøka elevane på klasseromma og vera ute saman i friminutt. 13. juni var det foreldre og søsken som var publikum på utekonserten vår. Det var to fine arrangement der heile skulen gjer noko saman.

Gládagen står sterkt på Landro skule, og det vil den gjera i tida som kjem også. Måten vi jobbar på denne dagen er i tråd med det nye vi står framfor, nemleg fagfornyinga. Gládagen er difor både ein god tradisjon og samstundes framtidsretta.

God sommar frå oss på Landro skule!

Anita Vabø
rektor Landro skule

Her er fleire bilete:


Sist endret: 18.06.2019