Facebook ikon Twitter logo Print side

Meiner endra strukturar kan gje stor innsparing

I ei større sak om forslag til strukturendringar i Fjell kommune går det fram at kommunen kan oppnå ei innsparing på 10 millionar kroner i 2018. I saksutgreiinga skriv rådmannen at innsparinga aukar til om lag 40 millionar kroner i 2020. Det er endring i skulestrukturen som gjev mest innsparing. Saka vert behandla av komité for drift og forvaltning (KDF) den 6. februar.

Etter planen skal Ulveset skule ta imot elevar frå andre skular frå neste skuleår av.
Ulveset skule skal etter planen få utvida kapasiteten for å ta imot fleire elevar.

Etter behandling i KDF går saka til behandling i kommunestyret den 22. februar. Som oppfølging av vedtak i kommunestyret i desember (budsjettvedtaket for 2018) føreslår rådmannen å leggja ned Tellnes skule frå august 2018 og Liljevatnet skule frå og med skuleåret 2019/2020. Det vert fremja ny sak om nedlegging av desse to skulane som også avklarar nytt skuletilbod til elevane. Det er vidare føreslått at skuledrifta på Skålevik skule vert avvikla frå august 2018 og at elevane får mellombels undervisning på Ulveset skule. Ny skule på vestsida må utgreiast særskilt og fremjast som eiga sak.

I saka går det elles fram at «Det raude bygget» på Foldnes skule vert rive og erstatta med nytt bygg og at elevane mellombels får undervisning på Brattholmen skule. Bjorøy skule skal rehabiliterast, og elevane på mellomsteget skal mellombels gå på Liljevatnet skule. Elles er det framlegg om å leggja fram eiga sak om endring i skulekrinsar, reforhandling av husleigeavtalar i kommunale barnehagar, ny turnusordning for tiltak for einslege mindreårige, avvikla eitt av husa for einslege mindreårige og trekkja ut tre årsverk frå NAV kommunal avdeling.

I framlegget til vedtak er det elles presisert at ROP-huset på Bildøyna startar opp drift i september og at det vert fremja eiga sak om start, økonomi og drift av lokalmedisinsk senter på Straume. (ROP: Rus- og psykiske lidingar).

Føreslår å ta imot 20 flyktningar

Rådmannen føreslår at Fjell kommune buset 20 flyktningar i 2018. To av plassane vert atterhaldne til einslege mindreårige. I perioden 2015 til 2017 har Fjell kommune busett om lag 250 flyktningar. Av desse er 16 einslege mindreårige flyktningar. Fjell kommune har dei siste åra bygd opp tenesteapparatet til å ta imot , busetja og integrera flyktningar i fjellsamfunnet. Rådmannen meiner kommunen har kapasitet til å ta imot 20 flyktningar i 2018.

Nedkjemping av barnefattigdom

I ei sak om status om innsats til nedkjemping av barnefattigdom er det føreslått ei rekkje tiltak. Det er føreslått å vidareføra aktivitetskortet og å halda fram samarbeidet med Way Forward og Basecamp om tiltaket «Sommar for alle». Det er føreslått å opparbeida utstyrsbod og å søkja om eksterne tilskotsmidlar til eit prøveprosjekt til styrking av Trygg Start. Det vert også fremja forslag om å leggja fram sak om tilskotsordning der lag og organisasjonar kan søkja om tilskot og sak der det vert utgreidd redusert betalingsordning.

Prioritering av søknader om tilskotsordning mot barnefattigdom

Det er kome inn fem søknader om tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet si forvaltning av nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Rådmannen går inn for at Aktivitetskortet, Basecamp («Sommar for alle»), Way Forward («Frå gata til idrett») vert prioritert i rekkjefølgje. Dei to siste søknadene, KFUK-KFUM og Frisklivs- og meistringssenteret vert lagt fram utan innstilling. Både offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkja om midlar. Totalt har dei fem aktørane søkt om 1,3 millionar kroner.

Andre saker i KDF den 6. februar

  • Prisar og stipend for året 2017
  • Sals- og skjenkekontrollar 2017, oversikt
  • Fordeling av investeringsmidar til standardheving og rehabilitering bygg 2018
  • Fordeling av investeringmidlar til trafikksikring
  • Fordeling av investeringsmidlar til vegutbetring
  • Fordeling av investeringsmidlar til kaiar
  • Parkeringsavgift for tilsette ved Fjell rådhus og ved kommunale tenestebygg i
    helselandsbyen på Straume

Merk at møtet vert halde i kultursalen på Fjell rådhus og tek til klokka 16.00. 

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 30.01.2018 22:13
Sist endret: 30.01.2018 22:24