Facebook ikon Twitter logo Print side

Meiner utbygging på Smålonane er ei naturleg vidareutvikling av Straume sentrum

Formannskapet vedtok samrøystes på onsdag ein uttale til søknad om samtykke til handelsareal på Smålonane, Straume. I uttalen seier formannskapet at etter ei samla vurdering er etableringa ei naturleg vidareutvikling av Straume som regionsenter.

I uttalen vert det vist til den gjeldande kommunedelplanen for Straume (2005-2018) og at det føreslåtte handelskonseptet er i samsvar med definisjonen i kommunedelplanen.
Illustrasjon: Sweco Norge AS

Smålonane ligg i randsona til Straume senter om lag 800 meter i luftlinje søraust frå kollektivknutepunktet. Reguleringsplanen legg til rette for tiltaket det vert søkt om samtykke til. Det er ønskjeleg å etablera eit handelsareal på 19 tusen kvadratmeter fordelt på fire bygningar, som vil innehalda om lag tre til sju handelsbedrifter. Om lag 15 tusen kvadratmeter er tenkt nytta til plasskrevjande varehandel, medan fire tusen kvadratmeter er sett av til detaljhandel.

I går vedtok komité for plan og utvikling (KPU) å leggja plan for Smålonane ut til offentleg ettersyn. Etter vedtaket i komitéen på tysdag vert det i planen dermed lagt til rette for om lag 19 tusen kvadratmeter til plasskrevjande- og detaljvarehandel fordelt på fire bygningar, men ikkje daglegvarehandel på inntil to tusen kvadratmeter slik det var lagt opp til i reguleringsføresegnene.

I uttalen viser formannskapet til vedtaket i KPU den 3. april der eit punkt i føresegnene om varehandel er teke ut. Formannskapet tilrår vidare at det vert gjeve samtykke til detaljhandel i stort volum, men inntil fire tusen kvadratmeter. Her kan du lesa heile vedtaket til uttale.

Rådmannen gjekk i si innstilling inn for ikkje å tilrå ei utvikling der det vert lagt til rette for detaljhandel og volumbasert varehandel før konsekvensane av dette er nærare vurdert i overordna plan.

Regional plan for attraktive senter i Hordaland – senterstruktur, tenester og handel set krav om samtykke ved planlegging av nytt/utviding av handelsareal til detaljvarer, der samla bruksareal overstig tre tusen kvadratmeter. Slikt samtykke skal gjevast av fylkeskommunen etter høyring hjå Fylkesmannen. Kommunen skal gje uttale til søknaden i samband med oversendinga til fylkeskommunen. Det er fylkesutvalet som tek endeleg avgjerd.

I starten av formannskapsmøtet var det orientering om planlagte tiltak for å betra trafikkflyten på riksveg 555 mellom Sotra/Øygarden og Bergen.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 04.04.2018 17:44
Sist endret: 04.04.2018 18:35