Facebook ikon Twitter logo Print side

Mia og Jonas frå Knappskog skule deltok på kommunalpolitisk toppmøte

Mia Lillebø som er elev på 6. trinn, og Jonas Olderskjær Rabben på 7. trinn var tysdag i Oslo for å fortelje om digital undervisning.

Mia Lillebø og Jonas Olderskjær Rabben frå Knappskog skule

Knappskog skule var spesielt invitert av KS for å få fram elevane sitt perspektiv om framtidas skule, samt om korleis det er å vere elev på ein heildigital skule.

Toppmøte om digitalisering

Kommunalpolitisk toppmøte er eit møte som KS arrangerer for ordførarar og rådmenn i heile landet, og toppmøte handla i år om digitalisering. Jonas og Mia var i godt selskap på scena etter innlegg frå mellom anna Jonas Gahr Støre og Monica Meland. Dei klarte seg særs godt og fekk skryt av Børge Haugetun som representerte ordførarane frå Fjell, Sund og Øygarden på konferansen.

Mia Lillebø og Jonas Olderskjær Rabben og Øygarden ordførar Børge Haugetun

Fleire bilete

Mia LillebøMia Lillebø og Jonas Olderskjær Rabben frå Knappskog skule

Tekst: Odd Erik Kjeldstad, rektor ved Knappskog skule


Publisert: 21.03.2018 12:12
Sist endret: 21.03.2018 12:19