Facebook ikon Twitter logo Print side

Milepåle for Sotrasambandet

I dag underteikna Statens vegvesen og BKK Nett ein avtale om arbeidsdeling og kostnadsdekning for flytting av høgspentlinje mellom Breivik og Litlesotra transformatorstasjonar. Flyttinga av høgspentlinja har ei kostnadsramme på 500 millionar kroner.

Regionvegsjef Helge Eidsnes skriv under avtalen. Til høgre; administrerande direktør i BKK Nett, Thor Andre Berg.
Regionvegsjef Helge Eidsnes skriv under avtalen. Til høgre; administrerande direktør i BKK Nett, Thor Andre Berg.

Løyvinga til denne delen av Sotrasambandet-prosjektet vert venteleg stadfesta når statsbudsjettet vert lagt fram i oktober. Då kan arbeidet, der Statens vegvesen er byggherre, starta opp rundt nyttår 2017/2018. Dette arbeidet er venta avslutta hausten 2019. Kabelarbeidet i regi av BKK nett vert gjennomført i perioden hausten 2019 til sommaren 2020.

Om kort tid vil arbeidet verta lyst ut på anbod. Sotrasambandet vert gjennomført som OPS-prosjekt (OPS: Offentleg privat samarbeid), men flyttinga av høgspentlinja mellom Breivik og Litlesotra skjer ved vanleg entreprise. I 2016 gav Norges vassdrags- og energiverk konsesjon til BKK for omlegging av linja. Kostnadene med flytting av høgspentlinja vil gå inn som ein del av finansieringspakken for Sotrasambandet.

Fullført før start av arbeidet med ny bru

Det var regionvegsjef Helge Eidsnes og administrerande direktør i BKK Nett, Thor Andre Berg som skreiv under avtalen i dag.

- Vi har arbeidd med dette prosjektet i tre år, og no er vi komne fram til semje. Dette er godt tima ettersom kraftlinja mellom Mongstad og Modalen er på plass før høgspentlinja vert lagt om i dette området. Dermed kan vi gjennomføra omlegginga med låg risiko, sa Helge Eidsnes før han saman med BKK Nett-direktøren underteikna avtalen.


Frå venstre; Helge Eidsnes, Marianne Sandahl Bjorøy og Thor Andre Berg.


Den planlagde hengebrua i det nye Sotrasambandet kjem i same fjordkryssing som noverande høgspentlinje (300 kv) over sundet mellom Fjell og Bergen. Dermed må høgspentlinja flyttast før den nye brua kan byggjast. Høgspentlinja skal gå mot Sotrabrua (noverande) i eigne tunnelar på begge sider mellom Breivik sekunderstasjon og Litlesotra sekundærstasjon på vestsida av Arefjordpollen. Høgspentlinja vert lagt inn i fagverket under den om lag 45 år gamle hengebrua. Trafikken vil reelt ikkje verta hindra som følgje av anleggsarbeidet. Statens vegvesen vert byggherre for bygginga av tunnelar, sjakter og tilrettelegging for høgspentlinje på dagens brua, medan BKK Nett vert byggherre for sjølve kabelflyttinga.

- Dette er eit stort kabelprosjekt som krev god prosjektering. Arbeidet vårt er kritisk for framdrift i det overordna prosjektet Sotrasambandet. Høgspentlinja skal gå i eit tett bustad- og næringsområde og festast under Sotrabrua, men vi har god kompetanse på store prosjekt og ser fram til starten rundt nyttår, seier BKK Nett-direktør Thor Andre Berg.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og rådgjevar Willy Sørensen i Fjell kommune var også til stades då avtalen vart underteikna i dag.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 






Publisert: 06.09.2017 14:12
Sist endret: 06.09.2017 14:17