Facebook ikon Twitter logo Print side

Milla Says fekk etablererpris i Bergen kommune

Etablererprisen i Bergen kommune gjekk dette året til Milla Says. Milla Says er ein del av Gründerparken Vest i Fjell.

Byråd Julie Andersland delte ut prisen til Aleksander Helmersberg på vegner av Bergen kommune.
Byråd Julie Andersland delte ut prisen til Aleksander Helmersberg på vegner av Bergen kommune. Foto: Andreas Grimen, Bergen kommune.

Aleksander Helmersberg er den første aktøren i Nye Øygarden kommune som har mottatt etablererprisen. Prisen er på 75 tusen kroner.

− Dette er en høgthengjande pris i næringslivet i Bergen. Kjempekult! Pengemessig betyr det svært mykje for oss, spesielt for vidare utvikling og den fasen som vi er i nå, seier gründer Aleksander Helmersberg til Vest Næringsråd.

I august vann Milla Says ein konkurranse for utvikling av digital plattform. Visma Mamut delte då ut ein pengepremie på 100 tusen kroner.


Publisert: 22.09.2018 22:54
Sist endret: 22.09.2018 23:00