Facebook ikon Twitter logo Print side

Minneord etter Gudrun Ølnes

I sist veke fekk vi den triste meldinga om at Gudrun Ølnes var død. Gudrun Ølnes vart tilsett i Fjell kommune i 2000 og har vore knytt til Bygg- og eigedomsavdelinga, Teknisk etat og Plan- og utbyggingsavdelinga fram til ho vart sjuk i 2015. Ho var også engasjert av Teknisk etat på 1990-talet.

Gudrun Ølnes

I sist veke fekk vi den triste meldinga om at Gudrun Ølnes var død. Gudrun Ølnes vart tilsett i Fjell kommune i 2000 og har vore knytt til Bygg- og eigedomsavdelinga, Teknisk etat og Plan- og utbyggingsavdelinga fram til ho vart sjuk i 2015. Ho var også engasjert av Teknisk etat på 1990-talet.

Gudrun Ølnes har vore fagleiar og prosjektleiar for ei rekkje byggjeprosjekt i Fjell kommune. Dette er prosjekt som innbyggjarane og dei tilsette i kommunen har hatt og har stor glede av. Vi kan nemna byggjeprosjekt som Sotra Arena, Øyane distriktspsykiatriske senter, Kvednatunet, Straume terapisenter, lokalmedisinsk senter, Tranevågen ungdomsskule og ei rekkje andre skuleprosjekt.

Gudrun Ølnes var hardtarbeidande, grundig, effektiv og framtidsretta i arbeidet sitt. Ho hadde ansvaret for store og kompliserte byggjeprosjekt. Gudrun var eit fagmenneske og genuint oppteken av å følgja prosjekta frå start til mål. Når ho fekk ansvar for desse oppdraga, gjekk ho inn i oppgåvene med stort engasjement. Ho var nøye på å følgja framdriftsplanen og klarte å halda seg innanfor dei økonomiske rammene som var fastsette for prosjekta. Resultatet av dette arbeidet er bygg og anlegg med høg kvalitet. Det er mange spor etter Gudrun, og vi er henne stor takk skuldig for dei mange bidraga ho har gjeve Fjell-samfunnet.

Det var godt å samarbeida med Gudrun, og ho var flink til å dela kunnskap med andre. Ho var ein tydeleg leiar og hadde evne til å seia frå om det var nødvendig. Vi vil hugsa Gudrun som ein kollega det var godt å vera saman med. Ho likte å ta seg tid til den gode og reflekterte samtalen. Det sette kollegaene stor pris på.

Som kollegaer kjenner vi på sakn og smerte. Men først og fremst er dette vondt for familien og dei andre som stod henne svært nær.

Vi lyser fred over Gudrun Ølnes sitt gode minne.

Steinar Nesse
rådmann


Publisert: 20.09.2018 10:56
Sist endret: 20.09.2018 10:58