Facebook ikon Twitter logo Print side

Minneord om Monica Melkevik

Det var med stor sorg vi 21. september tok imot meldinga om at vår høgt verdsette kollega Monica, var gått bort.

Monica Melkevik
Monica Melkevik

Etter å ha kome seg igjennom tidlegare periode med brystkreftsjukdom, ramma kreften på nytt tidleg på nyåret 2019, denne gongen svært brått og brutalt. Ho som var den sunnaste, sprekaste, mest arbeidsame av oss alle, var altså den som måtte unngjelde for denne nådelause sjukdomen. Monica hadde så sterkt livsmot, og kjempa seg så hardt gjennom tøffe behandlingar, men utgangen på kampen vart likevel så trist. Det merkast at Monica ikkje er iblant oss lenger.

Monica starta å jobbe som sjukepleiar i Fjell kommune i 1994, og eit par år etter dette som helsesyster (eller helsesjukepleiar som det heiter no) ved Straume helsestasjon. Ho var svært dedikert i jobben sin, og hadde eit brennande engasjement for born sine rettar og oppvekstvilkår. Monica var den som alltid gjekk eit skritt lengre, for å kome ynska og behova til brukarane i møte. Ho var den fyrste som kom på jobb om morgonen, og den siste som gjekk heim att om ettermiddagane. Ofte dukka ho opp på fridagane sine også, for å ta imot ein brukar, ringje til nokon som trengde det, eller for å gjere ferdig noko skrivearbeid. Det var ingen som tvilte på at jobben var viktig for Monica, og at Monica var minst like viktig for jobben.

Det var ikkje berre brukarane som fekk oppleve kor hjelpsam og oppofrande Monica var. For oss kollegaer viste Monica at ho alltid hadde tid til å hjelpe, til å lytte og til å trøyste. Monica var alltid den som var til stades og tilgjengeleg, både for å gje faglege innspel og råd, og for å gje støtte. Monica var høgt respektert og beundra, både for at ho var fagleg dyktig, men også fordi ho alltid var så påliteleg og viste så sterk integritet. Ho var i sanning ei som vi alle kunne rekne med, og som var til å stole på. Kollegaer omtalar ho som ein bauta, og at det no følast som at ein «vegg» er teke bort frå huset.

Då vi tok farvel med Monica i gravferda 27. september, forstod vi enno meir av kor viktig person Monica var for utruleg mange menneske. Kyrkja var fullsett, og vi fekk høyre gjenkjennande skildringar av den unike personen Monica var. Ho betydde så uendeleg mykje for så mange, både for oss kollegaer og for familiane ho samarbeidde med gjennom tenesta si, og sjølvsagt for familien sin og vener. Sorga og saknet og er stort! Minnet over Monica og ettermælet hennar vil for alltid vere levande og godt!


Frå leiar og kollegaer ved Straume og Ågotnes helsestasjon

 


Sist endret: 10.10.2019