Facebook ikon Twitter logo Print side

Minus for Fjell kommune i 2017

Etter tre år med overskot på drifta, vart rekneskapen for 2017 gjort opp med underskot. Det rekneskapsmessige meirforbruket (underskotet) var på 9,7 millionar kroner.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Foto: Colorbox
Foto: Colourbox

Det formelle netto driftsresultatet for Fjell kommune viser eit pluss. Men dette resultatet må mellom anna korrigerast for overføring frå staten knytt til Nye Øygarden kommune, prosjektmidlar og statlege vedlikehaldsmidlar. Det korrigerte netto driftsresultatet vart dermed minus 14,9 millionar kroner. Sluttresultatet på minus 9,7 millionar kroner er også korrigert for overskotet i 2016 på 12,3 millionar kroner.

Ettersom mindreforbruket (overskotet) i 2016 er godskrive 2017-rekneskapen, har Fjell kommune landa på 9,7 millionar kroner i minus på botnlinja. Ser ein dette opp mot ein omsetnad på 1,8 milliardar kroner, har Fjell kommune kome nokså nær driftsbalanse. Fjell kommune kjem likevel ikkje unna eit krevjande landskap der ein framleis merkar etterdønningane av oljenedturen på inntektssida. Kommunen står også framfor store økonomiske løft når det vert full drift av lokalmedisinsk senter og drift av ROP-huset på Bildøyna (ROP: rus og psykiatri).

For tre år sidan var skatteinntektene i Fjell over 100 prosent av landsgjennomsnittet. I 2017 utgjorde skatteinntektene i Fjell kommune 94 prosent av landsgjennomsnittet. Sjølv om Fjell kommune får ei viss inntektsutjamning som følgje av dette, kompenserer det ikkje tapet av å liggja under landsgjennomsnittet i skatteinntekter.

Tekst: Vigleik Brekke



Publisert: 07.05.2018 21:03
Sist endret: 08.05.2018 08:46