Facebook ikon Twitter logo Print side

Misje-elevar samla 11 sekker med boss

I løpet av ei føremiddagsstund samla dei eldste elevanepå Misje skule 11 sekker med boss/plast i strandsona.

Elevane fann mykje boss i strandkanten
Elevane fann mykje boss i strandkanten.

Den mykje omtala kvalen med plastposar i magen har fått stor merksemd i media. Denne historia har også påverka elevane ved Misje skule.

I dag, fredag, drog 5.,6. og 7. klasse ved skulen til ei vik sør på Misje for å  rydda i strandsona. Resultatet var urovekkande og nedslåande. På ei lita føremiddagstund samla elevane inn elleve (11) sekkar med boss/plastavfall. I fylgje lærarane som var med kunne ein ha samla inn det tredobbelte om ein hadde hatt meir tid. No tok ein berre med det farlegaste plastavfallet.

FjellVAR er kontakta, og dei vil hente avfallet i løpet av dagen.


Tekst og foto: Dagfinn Ellingsen, rektor

Her er fleire bilete:


Publisert: 10.02.2017 12:31
Sist endret: 10.02.2017 12:35