Facebook ikon Twitter logo Print side

Mobbing er eit samfunnsproblem

Onsdag denne veka var 400 deltakarar på plass på konferansen «Landsbyen – saman mot mobbing» i Sotra Arena. Mellom anna var ein av verdas leiande fagpersonar når det gjeld mobbing, professor Sameer Hinduja, på plass. Seniorrådgjevar hjå barneombodet, Kjersti Botnan Larsen, understreka sterkt dei grunnleggjande rettane barnet har.

Barn sine rettar

- Barnekonvensjonen ser på mobbing som eit samfunnsproblem. Denne konvensjonen regulerer dei grunnleggjande menneskerettane til barna. Barnekomitéen i FN har ei sentral rolle med å sikra oppfyllinga av konvensjonen. Det er ikkje foreldra som har rettar, men barna i seg sjølv, sa Botnan Larsen og brukte dette som utgangspunkt for innlegget hennar «Barneperspektiv».

Seniorrådgjevar hjå barneombodet, Kjersti Botnan Larsen. 
Seniorrådgjevar hjå barneombodet, Kjersti Botnan Larsen.

Ho viste til dei tre P-ane; provision, protection og participation (tilgang til, vern og deltaking). Alle desse grunnleggjane føresetnadene må vera på plass. Til dømes kan redsle for å verta mobba føra til at barnet ikkje får den retten det har til å få utdanning.

Botnan Larsen viste til fire viktige prinsipp i barnvernkonvensjonen. Det handlar om ikkje-diskriminering (artikkel to) og at alle avgjerder/handlingar som rører ved barna skal vera til det beste for barna (artikkel tre). Vidare handlar det om at alle barn har rett til optimal utvikling (artikkel seks) og artikkel 12 om korleis ein høyrer barna.

«Den digitale landsbyen»

Professor Sameer Hinduja er professor på Florida Atlanta University og direktør på Cyberbullying Research Center. Han snakka om «Den digitale landsbyen mot mobbing». Det handla først og fremst om nettmobbing.

Professor Sameer Hinduja er professor på Florida Atlanta University og direktør på Cyberbullying Research Center.
Professor Sameer Hinduja.

Han definerte nettmobbing som forsettleg og gjentatt skade påført ved bruk av data, mobiltelefonar eller andre einingar. Mobbing og trakassering, oftast på same alder, er den vanlegaste trusselen som mindreårige står overfor, både offline og online.
Han viste til ei rekkje undersøkingar. Ei undersøking viste at 24 prosent av elevane (12-17 år) har opplevd mobbing på skulen, medan 43 prosent opplevde nettmobbing (Kjelde: Cyberbullying Reseach Senter).

- Alle har eit ansvar

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy tok i velkomsthelsinga utgangspunkt i tittelen på konferansen «Landsbyen – saman mot mobbing» og at denne tittelen er lånt og har sin bakgrunn i slagordet «it takes a village to raise a child».

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

- Det tar ein landsby å oppdra eit barn. Det er eit ordspråk som betyr at eit heilt fellesskap av forskjellige menneske samhandlar med barn slik at dei kan oppleva og veksa opp i eit trygt miljø, sa ordføraren.

Det underliggjande teamet er nulltoleranse mot mobbing. På same måte som Kjersti Botnan Larsen hjå Barneombodet viste ordføraren til at mobbing er eit stort samfunnsproblem, og barn som vert mobba er meirt utsette for sjukdom og problem seinare i livet. Vi har alle saman eit ansvar for å ta eit oppgjer med mobbing, både på skulen, arbeidsplassen og ikkje minst i sosiale medium. Ordføraren sa at det vert bygd ein annan landsby her vest for Sotrabrua med 40 tusen innbyggjarar frå 2020. Denne landsbyen skal byggjast med gode verdiar som fellesskap, samhandling og tryggleik.

- Trygg i Øygarden skal vera ein naturleg del av dette, sa Marianne Sandahl Bjorøy.

Seinare på dagen var det innlegg ved Kristin Oudmayer frå UNICEF, «Involvering av barn og unge», André Baraldsnes, RKBU-Vest, «Korleis byggja kultur mot mobbing, Marianne Gjerstad og Guttorm Helgøy frå Fjell kommune, «Erfaringar frå landsbyen vår i Fjell», og Mari-Kristine Morberg som er mobbeombod i Hordaland.

Workshop i regi av TRYGG I FJELL

I dag er det Workshop i regi av TRYGG I FJELL i Bergen sentrum. Der er det deltakarar frå UDIR, Læringsmiljøsenteret, Fylkesmannen i Hordaland, Barneombudet, representantar frå TRYGG I FJELL, Mobbeombud, elevar frå ungdomsskulane i regionen og videregåande skule.

Sameer Hinduja er også med på seminaret i Bergen om digital mobbing. Her møtte han elevar frå ungdomsskulane i regionen og den vidaregåande skulen.

Om kort tid vert presentasjonane lagt ut.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

Fleire bilete

Onsdag denne veka var 400 deltakarar på plass på konferansen «Landsbyen – saman mot mobbing» i Sotra Arena.Jogeir Sognnæs. Seniorrådgjevar hjå barneombodet, Kjersti Botnan LarsenEtter endt foredrag fekk Kjersti Botnan Larsen ei gåva laga av elevar ved Sotra vgsKonferansier: Jogeir SognnæsOrdførar Marianne Sandahl BjorøyProfessor Sameer Hinduja.


Publisert: 15.02.2018 11:34
Sist endret: 15.02.2018 12:01