Facebook ikon Twitter logo Print side

Modellar for utbyggingsavtalar på høyring

Formannskapet vedtok på onsdag å leggja sak om modellar for utbyggingsavtalar i Fjell kommune ut til offentleg ettersyn i 30. dagar.

Frå møtet i formannskapet onsdag ettermiddag.
Frå møtet i formannskapet onsdag ettermiddag

Formannskapet sluttar seg til framlegget frå rådmannen om å ta i bruk justeringsmodellen der dette er tenleg. Justeringsmodellen inneber at kommunen over ein 10-årsperiode kan få kompensert meirverdiavgifta som private utbyggjarar har lagt ut ved bygging av kommunale anlegg. Kommunen inngår avtale med utbyggjar om overføringa av meirverdiavgifta som kommunen får kompensert. Etter at kommunen har fått refundert meirverdiavgift frå staten, kan avgifta vidarebetalast heilt eller delvis til den aktuelle utbyggjaren.

Når det gjeld retningslinjene for bruk av utbyggingsavtalar, går formannskapet inn for at dei vert supplerte med eit nytt punkt slik at det kan avtalast at kommunen eller andre skal ha fortrinnsrett til å kjøpa eit tal bustader til marknadspris.

Det er også føreslått å godkjenna bruk av fondsmodell i utbyggingsavtalar for å sikra framtidig finansiering av store fellestiltak i utbyggingsområde og at det vert opna for kommunal forskotering. 

I tillegg til innstillinga følgjer eit forslag frå Høgre med saka som no vert lagt ut til offentleg høyring. I dette forslaget går det fram at det bør utarbeidast ein mal som set lik pris for bidrag. Beløpa vert betalt til fondet til Fjell kommune når det vert gjeve løyve til kvar enkeltbustad/næringsprosjekt slik at kommunen får likviditet til å gjennomføra arbeida i byggjetida. Det er også føreslått at det skal utarbeidast kvalitetsnorm for dei ulike utbyggingsavtalane.

Med saka som går ut på høyring følgjer også eit forslag frå KrF i komité for drift og forvaltning den 4. april om at det bør leggjast inn krav i utbyggingsavtalar om at kommunen skal ha fortrinnsrett til kjøp av 10-prosent-del i nye utbyggingsprosjekt (som ein del av vedteken bustadutviklingsplan).

Rådmann Steinar Nesse at han tek sikte på å leggja fram saka til endeleg behandling i kommunestyret i juni.

Orienteringar

Varaordførar Tom Georg Indrevik, som leia formannskapsmøtet, orienterte om kontrollutvalet si behandling av kjøp av utleigebustader, framlegget til Nasjonal transportplan og Havromskoneransen 2017.

Kultursjef Lennart Fjell orienterte om status for Sykkel-VM.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


 

 



.


Publisert: 05.04.2017 20:39
Sist endret: 05.04.2017 20:48