Facebook ikon Twitter logo Print side

Møt ordføraren på biblioteket

Tysdag den 2. mai inviterer ordføraren deg til ein kaffiprat på Fjell folkeboksamling. Til vanleg vil ordførar Marianne Sandahl Bjorøy vera på plass den første tysdagen i kvar månad mellom klokka 15 og 16 på «Kaffipraten».

 

Komande onsdag tek ordførar Marianne Sandahl Bjorøy en uformell prat med deg på biblioteket.
Komande tysdag kan ordførar Marianne Sandahl Bjorøy en uformell prat med deg på biblioteket.

- Eg ønskjer å verta endå betre kjent med innbyggjarane og gje dei høve til å ha ein uformell prat om det dei er opptekne av, seier ordføraren.

Den første «Kaffipraten» vert altså komande tysdag den 2. mai. Då har biblioteket på Straume laga til ein krok som ramme for ein prat og ein kopp kaffi.

- Det er greitt å ha ein uformell arena utan fastsett agenda. Eg kan ikkje gje svar på alt, men kanskje hjelpa deg til å finna fram i det offentlege systemet. Du skal ikkje vera redd for å ta kontakt sjølv om du ikkje har noko konkret spørsmål, seier Marianne Sandahl Bjorøy.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 27.04.2017 10:46
Sist endret: 27.04.2017 12:57