Facebook ikon Twitter logo Print side

Møte om forskingsbasert innovasjon i næringslivet

Vest Næringsråd inviterer til informasjonsmøte om kva moglegheiter forskingsbasert innovasjon opnar for bedrifter. Informasjonsmøte vert arrangert i samarbeid med Norges Forskingsråd, Hordaland fylkeskommune, Gode Sirklar, og Fjell kommune/ Nye Øygarden kommune.

Foto: Norges Bank v/Nils S. Aasheim
Foto: Norges Bank v/Nils S. Aasheim

Næringslivet står overfor mange utfordringar. Kunnskap er viktig for å løyse utfordringane. Forsking kan vere ein måte å tileigne seg kunnskap på – forskingsbasert innovasjonsprosjekt kan du utvikle eller forbetre produkt og tenester og opne nye marknader. Forskingsbasert innovasjon er ny kunnskap som skal føre til verdiskaping og fornying.

Informasjonsmøtet er første del av ei rekkje aktivitetar der me set merksemd på forskingsbasert innovasjon, og kva mohlegheiter forsking opnar for utvikling i eksisterande bedrifter. Forskningsrådet og Hordaland fylkeskommune har felles interesse i å mobilisere til at graden av forsking og innovasjon aukar i næringslivet i Hordaland. I januar planlegg vi ein prosjektverkstad der bedriftene får hjelp til å utvikle prosjektidear og problemstillingar.

For fylkeskommunen er forsking for berekraftig verdiskaping og «grøn» omstilling særs viktig. I fylkeskommunen har vi prioritert to satsingsområde som begge er relevant for næringslivet i Fjell, Sund og Øygarden.

Det eine er berekraftig vekst innanfor bioøkonomien (BIO) - berekraftig produksjon av sjømat og landbruksprodukt og anna utnytting av biologiske ressursar som ny bruk av avfall, bioenergi, nye ingrediensar mv.Det andre er teknologiutvikling gjennom bransjekryssande koplingar (TEK) - å bidra til at eksisterande teknologi og kompetanse i regionen vert nytta på nye og smarte måtar og som sikrar ein berekraftig vekst i eksisterande- og nye bransjar.

Presenterer aktuelle forksingsprogram

På informasjonsmøtet presenterer vi ulike aktuelle forskingsprogram for næringslivet. Korleis vi kan hjelpe med å konkretisere prosjekt, og forskningsleder Kjartan Sandnes i Biomega AS presenterer sin erfaring med forsking som verktøy for innovasjon i bedrifter.

Med oss på møtet har vi også kompetansemeklarar frå prosjektet MobiFORSK. Kompetansemekling er ei teneste som hjelper bedrifter, og grupper av bedrifter, med å identifisere og definere FoU-utfordringar i utviklingsprosjekt. Kompetanemeklaren er gratis og hjelper med å finne fram til best eigna FoU-kompetanse. MobiFORSK er ei teneste for små- og mellomstore bedrifter, bedriftsnettverk, eller klynger innan dei tematiske BIO og TEK. Særlig rettar tenesten seg mot bedrifter som har liten forskingserfaring eller bedrifter som i stor grad nyttar erfaringsbasert innovasjon prioritert. Kompetansemeklarane er høgt utdanna og har erfaring med å bistå bedrifter i å identifisere og konkretisere forskingsproblemstillingar.

Nokre aktuelle finansieringsformer er:
Regionalt forskingsfond Vest - Regionale forskingsfond er ei satsing som skal styrkje utvikling og innovasjon på Vestlandet ved å stø opp under regionalt prioriterte forskingstema. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune er saman om fondet. Fondet lyser ut midlar til kvalifiseringsprosjekt (opp til 500 000) og større forskingsprosjekt.

Skattefunn - SkatteFUNN-ordninga er ei skattefrådragsordning for næringslivets kostnader til forsking og utvikling. Gjennom SkatteFUNN kan små og mellomstore bedrifter (SMB) få 20 prosent av prosjektkostnadene som skattefrådrag gjennom skatteoppgjøret. Store bedrifter kan få 18 prosent frådrag av prosjektkostnadene. SkatteFUNN-ordninga gjelder for alle næringar og selskapsformer, og det er ingen avgrensing på tal tilsette eller omsetning. Det er heller ingen avgrensing på tema for SkatteFUNN-prosjektet, så lenge prosjektet er målretta og avgrensa og handlar om å utvikle en ny eller forbetra varer, tenester eller produksjonsprosessar som er til nytte for bedrifta.

Les plakat for informasjonmøtet her.

Her kan du melda deg på.

 

 


Publisert: 01.12.2017 12:57
Sist endret: 01.12.2017 13:08