Facebook ikon Twitter logo Print side

Musikkterapi-teamet besøkte Aktiv+

Tysdagane når seniorane er ferdige med den fysiske treninga og har spist litt lunsj, er dei klare for ein time med litt sjeleleg påfyll. Førre tysdag var musikkterapeutane Guri, Camilla og Sandra invitert til å halde eit føredrag. Temaet som stod på programmet var korleis musikk kan gje oss betre helse.

Med følgjande punkt på programmet vart det undervist i både teori og i praksis:

  • kva for bakgrunn musikkterapeutar har
  • korleis dei brukar musikk som eit terapeutisk verktøy i deira arbeidskvardag
  • musikalske smakebitar.

Musikkterapeutane opna med songen

Musikkterapeutane opna med songen “Danse mi vise” for å sette deltakarane i modus. Det vart allsong frå fyrste sekund. Deltakarne vart orienterte om musikkterapi som fag og utdanning, og fekk praktiske og musikalske smakebitar på korleis musikkterapeutane arbeider på ulike vis: «Å eg veit meg et land» (hammerorkester og allsang) og «La oss leve for hverandre» (musikk som sosialt fellesskap).

Kort oppsummering frå foredraget:

Musikkterapi: å finne samanhengar mellom musikk og helse

Musikkterapi er ei femårig mastergradsutdanning, med studieplassar i Bergen og Oslo. Utdanninga inneber eit bredt spekter emne, med hovudfokus på å sjå samanhengar mellom musikk og helse. Her inngår mellom anna psykologi og pedagogikk, fag om diagnosekunnskap, relasjon- og kommunikasjonskompetanse og fag som omhandlar læra om musikk og menneskets hjerne. Samstundes er det gjennomgåande i studieforløpet fag knytt til læring av ulike instrument, musikalsk samspel og improvisasjon. Studiet inneber også musikkterapeutisk praksis i ulike felt knytt til eldreomsorg, palliativ omsorg, psykisk helsevern, rusomsorg, fengsel, barnevern og pedagogisk fagsenter.

Korleis arbeider ein musikkterapeut?

Musikkterapeutar arbeider med målet om å forbetre situasjonen til den eller dei som mottar musikken som terapi. Eit fokus er her å kunne bidra til å kunne gi auka handlingsrom og betre livssituasjon for den enkelte. Musikkterapeutene har som mål å skape eit heilhetlig miljø for bruk av musikk og terapeutiske verkemidlar i møte med eldre på institusjon, og jobbar i den forbindelse tett med personale: Korleis skape ein betre kvardag for den enkelte, basert på deira behov og premissar?

Musikkterapeutar har ofte fokus på korleis musikk påverkar oss menneske kroppsleg. Dømer på dette er å bruke ulike typar musikk i møte med klientar for å auke eller senke pust, og fasilitere spenning eller avspenning i muskulatur. Dette kan mellom anna påverke balanse, og redusere falltendensar hjå klientar som er utsette for dette.

Musikken er godt forplanta i kroppen til oss alle. På mange språk er det same ord for “musikk” og “dans”, og dette illustrerer kor mange likskapstrekk det er mellom desse to.

  • Musikkterapeutene gir individuell oppfølging til enkelte, med hovedfokus på dei som ofte ikkje evnar å nytta seg av gruppetilboda på husene, av ulike årsakar. Henvisningsgrunnlaga kan være særs ulike. Blant anna kan målsettingar i individuell musikkterapi omhandla å bruke musikken som avledning, som fokusflytter, trygging, miljøtiltak, gjenkjennelse, mestringsarena, språktrening i forbinelse med afasi, motorisk trening i forbindelse med parkinsons og støtte i sorgprosessar, for å nevne noko.

  • Musikkterapeutane har ulike gruppar aleine og i samarbeid med andre fagpersonar, eksempelvis ergoterapeutar, fysioterapeutar og helsepersonell. Eksemplar på gruppar er musikk og samtalegruppar, musikk og bevegelse, temagruppar med utgangspunkt i ulike interessar og hobbyar, song og samspel. Musikkterapeutene har også ansvar for større arrangementer og er med å hente inn og skape konsertar/forestillingar som er basert på beboernes preferansar og musikkynskjer. Eksemplar på slike arrangementer er “Ønskekonsertar”, “Reisecafèen”, “Konsertar i regi av Den kulturelle spaserstokken” og musikkvandringar på avdelingane. Musikk blir også ofte brukt i kombinasjon av rørsle og dans. Musikken har direkte kroppsleg innverknad ved å stimulere sansar og motorikk. Den kan både roe ned og aktivere oss. Undersøkingar viser at musikk har påverknad på ei rekke kroppslege funksjonar som blodtrykk, puls, pustefrekvens, kroppstemperatur og muskeltonus.

Felles for desse nivåa, og alt anna arbeid ein musikkterapeut i eldreomsorga utfører, er det personsentrerte perspektivet; å sjå den enkelte. Her arbeider me med å få fram ressursane til den enkelte. Då den musikalske hukommelsen er det aller siste som forsvinn hjå menneske, er der ofte mange ressursar å ta tak i, i musikken. Dette uavhengig om ein person eksempelvis er komen langt i ei demensdiagnose.

Musikken blir brukt som “triggar” for å få tilgong til ein person sitt minne. Minne som kanskje er gløymd eller ligg godt gøymd. Difor er kartleggingsarbeidet me gjer ein stor del av arbeidet - det er som å væra på skattejakt. I musikkterapien arbeider ein kontinuerlig med å finne songar og musikk som kan ta i vare og bekrefte personen sin identitet, personlegdom og interesser. Musikklytting og deltaking i musikk inneber ein kompleks stimulering av hjernen, og aktiverer langt større områder av hjerne enn det for eksempel verbal kommunikasjon gjer. Dette kan forklare kvifor det er lettare å finna tilbake til assosiasjoner og minner frå livet, ved bruk av musikk- musikk kan gje oss lettere tilgong til minne! I foredraget ble det presentert ulike songar fra ulike tids- og livsepokar, der det ble tatt utgangspunkt i songar knytt til barndom, skule, ungdom, vaksen og no. “Å var jeg en sangfugl” var ein song som fleire fortalde dei song på skulen, og det blei god allsong på denne. “Tango for to” blei brukt som inngangport til å prate om ungdomstid og bygdadans. Jentene på ei rad, ventar på å bli bydd opp, og gutane på ei anna rad, klar for å ta stega over golvet!.

Då foredraget vart held i eit lokale med god plass og med spreke folk – måtte det sjølvsagt settast igong ein songmarsj; noko seniorane tydelegvis var godt vane med! Torader, gitar og trompet fekk fart på marsjen!

Det var ingen tvil om at deltakarane koste seg med både allsong og marsj. Stemninga var på topp og deltakarane fekk syngje kjente og kjære songar som brakte fram gode minner og god stemning.

Oppsummering:

Musikk kan nyttast til å forbetre ein person sine fysiske og mentale helseutfordringar på fleire måtar:

  • trivsel og trim
  • å halde på dei gode minna, musikken sit godt forplanta i oss heile livet.
  • å opne for ulike måtar må delta på – sjølv om ein ikkje likar så godt å syngja eller spele sjølv så kan ein delta på sine premissar
  • å leike seg med quiz – kven hugsar heile storfa?
  • å få fram gode kjensler når ein opplever smerte vil kunna vera smertelindrande i mange tilfelle og dempe uro og angst

Tekst:

  • Camilla Hay, Kvednatunet
  • Sandra Sognnes Torsteinsen, Straume Bu- og Servicesenter
  • Guri Gjermstad Dypvik, Fjell sjukeheim

Foto: Unni Sørensen

Bilete


Publisert: 07.11.2018 12:50
Sist endret: 07.11.2018 13:02