Facebook ikon Twitter logo Print side

NED med fråværet i Fjell kommune

NED med sjukefråværet! er ei satsing som er retta mot kommunar med høgt fråvær. KS (fellesorganisasjon for kommunane) har regi og verktøy og har som mål å gje drahjelp til arbeidet kommunane har med å redusera sjukefråværet og er eit samarbeid mellom KS, NAV og Fjell kommune.

Frå arbeidsverkstad med lokale trepartsgrupper tidleg i mai.
Frå arbeidsverkstad med lokale trepartsgrupper tidleg i mai.

Innsatsen er særleg retta mot helse og omsorgssektoren og barnehagar fordi det særleg i disse sektorane sjukefråværet er høgast.
Målet er ein varig reduksjon av sjukefråværet og eit godt trepartssamarbeid.

No er Fjell kommune ei NED-kommune. Vi ønskjer å få erfaringar og gjera gode grep som vi kan ta med oss inn i den nye kommunen. I Fjell kommune gjennomførte vi første arbeidsverkstad med dei lokale trepartsgruppene for dei einingane som deltek i byrjinga av mai. I franhaldet er det ute på den enkelte eining det skal skje. Medarbeidarane skal involverast, og det er utarbeidd eit verktøy som skal hjelpa einingane i arbeid med fråvær og arbeidsmiljø.

Funn frå følgeforskninga: Enkelttiltak verkar ikkje

Satsinga er basert på følgjeforsking, og både Fafo og Kaupang Agenda har følgd NED-ommunane, og gjev oss ny kunnskap, nye verktøy og nye arenaer i arbeidet kommunane har med å redusera fråværet. Funna i startanalysen til FAFO viser at sjukefråværet i barnehagar og arbeidsplassar innan helse og omsorg ofte vert knytt til fem forhold: leiing, organisatoriske forhold, arbeidsforhold, kultur og holdningar og manglande meistring.



FAFO-forskar Lise Lien har i samband med startanalysen intervjua rådmenn og HR-sjefar, og erfaringane deira er at enkelttiltak ikkje har noko langsiktig effekt på sjukefråværet. Kommunane må i mykje større grad tenkja heilskapleg og langsiktigom sjukefråvær- og nærværsarbeid. Vi veit mykje om kva som skal til, og det som er heilt sikkert er at det ikkje finst nokon kjappe eller enkle løysningar. Her er det systematisk og kontinuerleg arbeid som gjeld. 

Agenda Kaupang og Proba Samfunnsanalye ser i forskinga si at i einingar med lågt sjukefråvær snakkar leiarane og medarbeidarane oftare om:

  • At det er mogleg for leiarane å påverka sjukefråværet
  • Leiarane som ser dei tilsette, som inspirerer, er tydelige og involverande
  • At leiarane tar dei nødvendige samtalane med dei som har høgt fråvær
  • At det er naturlig å snakka med leiar før ein går til lege
  • Den opne kommunikasjonen der det er naturleg å snakka om sjukefråvær
  • Kollegastøtte og kultur for å gje og ta tilbakemeldingar
  • At ein har forventningar om at alle stiller på jobb så langt råd er
  • Kompetanse og kvalitetsutfordringane knyt til fråværet
  • Rom for å ta initiativ og moglegheiter for å jobba sjølvstendig

Ein målretta innsats som verkar

Borti 80 kommunar over heile landet er NED- kommunar og kan vise gode resultat av systematisk arbeid med fråvær. I Hordaland var det Bergen og Askøy som var først ute som NED kommunar. Nabokommunen Askøy kan visa til gode resultat. Fråværet i barnehage har gått ned frå 11,8 til 7,8 prosent frå 2016 til 2018.

I vår er det Fjell kommune saman med Os og Eidfjord som er i gang med å få NED-fråværet.

Tone Mette Sleire
personalrådgjevar

 


Sist endret: 28.05.2019