Facebook ikon Twitter logo Print side

No kan du verta di eigen energirådgjevar

Som ei oppfølging av handlingsplan for energi, miljø og klima (2018-2020) har Fjell kommune abonnert på Energiportalen. På Energiportalen får bustadeigarar informasjon om energiforbruk knytt til eiga bustad og forslag til tiltak for å redusera energiforbruket.

Ill.

På ein enkel måte kan du sjå effekten av ulike energitiltak og sjå innsparing i energibruk og energikostnad, forventa reduksjon av CO2-utslepp og energimerke. Odd Arvid Valvatne (Ap) var saksordførar fram til handlingsplanen vart vedteken. Han gler seg over at Energiportalen er på plass. Gå inn på Energiportalen her.

- Dette er genialt. Eg har sjølv testa dette ut ved å leggja inn gards- og bruksnummer på eigedomen vår. Då fekk eg opp faktainformasjon om bustaden, eg korrigerte status og fekk opp den årlege straumkostnaden som stemmer svært bra.

Valvatne fortel av nettsida er bygd opp med at ein kan leggja inn nye enøktiltak. Denne kalkulerer kor mykje ein kan spara.

- Eg har eit sentralvarmeanlegg basert på olje og parafin. Det er innebygd ein stor oljetank og eige fyrrom. På nettsida er det informasjon om refusjonsordningar om eg fjernar dette. Det er mest å henta ut i år. Etter kvart vert støtteordninga trappa ned. Frå 2020 vert det forbode med slike anlegg, seier Valvatne.

Odd Arvid Valvatne
Odd Arvid Valvatne

Den tidlegare saksordføraren er oppteken av at kvar enkelt innbyggjar må engasjera seg.

- Ingenting er for lite. Vér medviten om dette i dagleg, anten det gjeld sortering av avfall eller å ha ein kultur for å ta med deg ein plastsekk når du er på tur. Haldningsendring er betre enn ei liste med forbod eller krav, meiner Odd Arvid Valvatne.


Tekst og foto: Vigleik  Brekke

 


Sist endret: 13.12.2018