Facebook ikon Twitter logo Print side

Nødvendig med omfattande økonomiske grep

Formannskapet har vedteke at det skal gjennomførast omfattande grep for å snu den økonomiske situasjonen slik at Fjell kommune oppnår eit resultat som samsvarar med budsjettet for 2019.

Foto: Colourbox

Då økonomirapport pr. 1. kvartal vart behandla på møtet på tysdag, fremja Egil Haaland (Ap), på vegner at posisjonen, eit framlegg som vart samrøystes vedteke. I vedtaket vert det vist til at det økonomiske resultatet pr. 1. kvartal 2019 er særs utfordrande og krev at ein tek omfattande grep for å få kontroll over situasjonen. Resultatet pr. 1. kvartal viser totalt eit meirforbruk på 20.153.743 i forhold til budsjettet (budsjettet for 2019 er gjort opp med eit underskot på kr. 25.914.000,-).

Vedtaket held fram slik: Dersom denne utviklinga fortsett utover i 2019 vil ikkje driftsfondet kunne dekkja meirforbruket, og ein vil ha ein svært alvorleg økonomisk situasjon inn i nye Øygarden kommune. Det er difor nødvendig å ta omfattande grep som verkar, og som vil snu situasjonen slik at ein oppnår eit resultat tilsvarande budsjett for 2019:

  1. Det vert innført stillingsstopp i kommunen. Ledige stillingar må handterast internt i organisasjonen og sjåast i samanheng med organisering av Nye Øygarden kommune
  2. Bruk av vikarar må reduserast til eit minimum.
  3. Alle reiser og deltakingar på kurs og konferansar, og som ikkje er heilt nødvendig skal utsetjast eller ikkje gjennomførast.
  4. Alle innkjøp og investeringar som kan utsetjast skal utsetjast.
  5. Mindre påskjønningar/tilstellingar for jubilantar for lang og tro teneste skal halda fram.
  6. Det skal leggjast fram månadlege økonomiske rapporter for komité for drift og forvaltning og formannskapet.
  7. Resultatet av lønnsforhandlingane skal synleggjerast i økonomirapport for mai 2019.
  8. Alle endringar som påverkar tidlegare politiske vedtak skal leggjast frem for politisk behandling.

Tilrår å oppløysa Øygarden brann og redning IKS

Formannskapet sluttar seg til framlegget frå rådmannen om at det interkommunale selskapet Øygarden brann og redning vert oppløyst med heimel i lov om interkommunale selskap. Det vert vidare innstilt på at selskapet Øygarden Brann- og redning IKS si verksemd i sin heilskap, vert vidareført som eit nytt kommunalt føretak i Nye Øygarden kommune slik fellesnemnda for Nye Øygarden kommune har vedteke.

For å omdanna selskapet til eit kommunal føretak, må ein formelt vedta å avvikla ØBR og deretter gjennomføra ei overdraging av verksemda til eit nytt KF. ØBR er eigd av dei tre deltakarane Fjell, Sund og Øygarden kommunar. For å oppløysa selskapet må kommunestyra i dei tre kommunane gjera eit likelydande vedtak om oppløysing.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

På møtet var det orientering om mellombels omplassering av asfaltverk (YIT)/ forenkla konsekvensutgreiing, status for byvekstavtalen og informasjon frå rådmann og ordførar.


Sist endret: 09.05.2019