Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny ekspressbussrute mellom Straume og Kokstad/Sandsli

Tysdag denne veka vart ein ny ringbuss sett i trafikk mellom terminalen på Straume og Sandsli/Kokstad. Ruta får namnet 23E.

Skyss utvidar tilbodet mellom Straume og Kokstad/Sandsli
Skyss utvidar tilbodet mellom Straume og Kokstad/Sandsli.

Ifølgje Skyss er etableringa av den nye linja knytt til den krevjande trafikksituasjonen på riksveg 555. I eit samarbeid mellom Fjell kommune Statens vegvesen, politiet og nabokommunane er det gjennomført ein del tiltak for å få betre flyt i trafikken. I tillegg til dette kjem altså utvida kollektivtilbod.

Dette er eit ekspresstilbod som har to avgangar om morgonen og to avgangar om ettermiddagen måndag til fredag. Bussane i denne ruta går gjennom Knappetunnelen og har følgjande hovudtrasé: Straume terminal – Knappetunnelen – Sandsli – Kokstad.

Ruta 23 (utan E) går som i dag mellom Straume og Kokstad/Sandsli/Flesland via Bjørgeveien. Det nye rutetilbodet (23E) skal evaluerast til hausten.

Les meir detaljar på Skyss.no.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 23.05.2018 15:34
Sist endret: 23.05.2018 15:38