Facebook ikon Twitter logo Print side

Ny fastlege i Fjell kommune

Den 1. september tok Rubin Vashisht Bengtsson til som fastlege i Fjell. Ho er knytt til Medicus Helsesenter som held til i lokala til Lokalmedisinsk senter på Straume.

Rubin Vashisht Bengtsson er ny fastlege i Fjell.
Rubin Vashisht Bengtsson er ny fastlege i Fjell.

Vashisht Bengtsson har vore fastlegevikar i Medicus Helsesenter i tre år. Ho vaks opp i Trondheim og tok utdanninga si i Praha. Etter turnus i Trondheim, har ho hatt arbeidsstaden sin på Straume i BUP Øyane (barne- og ungdomspsykiatri) og som fastlegevikar.

Ho ser fram til å ha eigen fastlegeheimel. Ho kombinerer dette med å arbeida 40 prosent som skulelege på Fjell ungdomsskule og vakter på legevakta (kveld/natt).

- Eg likar å arbeida med barn og ungdom, men likar å ha ein god blanding når det gjeld pasientgrupper. På Helsenorge.no finn du opplysningar om kva fastlegar det er i Fjell, seier ho.

Rubin Vashisht Bengtsson seier at mange ungdomar slit med den psykiske helsa.

- Det kan handla om mange ting, alt frå kjærleikssorg til traumatiske familieforhold. Som skulelege har eg også undervisning og samarbeider med lærarar og helsestasjon.

Fastlege hjå Medicus Helsesenter og sjef for Sotra legevakt, Carl Martin Welde, seier at det no er 21 fastlegar i Fjell.

- Det går gjerne opp mot eitt år før ein ny fastlege har sikra fullt belegg med pasientar. Fastlegedekninga er no god både i Sund, Fjell og Øygarden, seier Welde.


Tekst og foto: :Vigleik Brekke


Sist endret: 13.09.2019