Facebook ikon Twitter logo Print side

Jubileumsfest på Fjell rådhus

I midten av februar vart det gjennomført markering for dei som har arbeidd i Fjell kommune i 25, 30 og 40 år. Også pensjonistane som slutta si teneste i fjor vart heidra denne dagen.


30-årsjubilantane fekk Norges Vel-medalje og diplom.

Det var fungerande rådmann Terje Handal som saman med personalsjef Lisbeth Grosvold som leia samlinga i kultursalen. Handal overrekte diplom og medalje frå Norges Vel til dei som har arbeidd i Fjell kommune i 30 år.

På samlinga var det underhaldning frå Fjell kulturskule og god mat. Det var også glimt frå lokalhistoria i Fjell og regionen.

Foto: Kjell Andersland

Her er fleire bilete frå jubileumssamklinga

25-årsjubilantar40-årsjbulant Tove Lønøy SangoltDesse vart opensjonistar i 2017


Publisert: 27.02.2018 11:38
Sist endret: 27.02.2018 13:02