Facebook ikon Twitter logo Print side

Markerte Verdas musikkterapidag

1. mars er verdas musikkterapidag. Musikkterapeutene Malena Grov Ottesen og Guri Gjermstad Dypvik markerte dagen i Fjell kommune ved å gjennomføra spontane musikalske stunt omkring på Straume.

Malena Grov Ottesen og Guri Gjermstad Dypvik gav mange ein god start på dagen i dag.
Malena Grov Ottesen og Guri Gjermstad Dypvik gav mange ein god start på dagen i dag.

Dagen vart opna med ein mini-konsert for leiarteamet til omsorgssjefen og inviterte gjester på Fjell rådhus. Deretter gjekk turen vidare til dagsenteret på Straume Bu- og servicesenter og i lunsjen til fleire personalgrupper i pleia, vask, og i ergo- og fysioterapitenesta. Med to nye stillingsutlysingar for musikkterapeutar i kommunen passa det godt at det vart trødd til med "with a little help from my friends" av The Beatles.

Les meir om musikkterapi her: 
http://www.musikkterapi.no/
http://www.uib.no/studieprogram/MAHF-INMUT

 


Publisert: 01.03.2018 15:33
Sist endret: 01.03.2018 15:37